Etter at fleire geologar undersøkte fjellet raset kom frå, konkluderte dei tysdag ettermiddag med at det ikkje var fare for fleire ras. Vegen vart difor rydda og då BT snakka med geolog Espen Hammersland ved 17.30-tida rekna han med å opna vegen om ein time. Men den store steinen som ligg ut i vegbana vil ikkje verta sprengt vekk før onsdag, så førebels vert det berre ei kjørebane på staden.

— Det er ikkje fare for fleire ras no. Me har festa nokre måleboltar for å sjå om det er rørsle bak staden der raset kom frå. Dette er eit langsiktig prosjekt, og me kjem til å sjekka staden med jamne mellomrom, seier Hammersland.

Tidlegare på dagen var det snakk om å evakuera ekteparet som bur nærast Sigrid Uglehus sitt hus. Hammersland seier at dette likevel ikkje vert naudsynt.