I går opna samferdsleminister Torild Skogsholm den nye riksveg 5 frå Førde til Florø.

Førde og Florø har dei to største folkekonsentrasjonane i Sogn og Fjordane, og vegen mellom sunnfjordbyane er av dei mest trafikkerte i fylket. Den nye vegen følgjer stort sett den eksisterande traseen.

— Den største utfordringa har vore å ha gåande eit så stort anlegg medan trafikken skal forbi heile tida, sa Skogsholm før ho klipte snora.

Rasteplassen i Eikefjord var arena for sjølve opningsseremonien. Dette er ein av få stader der vegen er lagt i heilt ny linje utanom sentrum. Eit par hundre var møtt fram for å få med seg vegopninga i regnvêret.

Sju etappar

Vegprosjektet Førde-Florø omfattar utbygging av den smale og svingete riksveg 5 frå Naustdalstunnelen til Brandsøy like ved Florø. Anleggsstart var i 1999, og heile prosjektet har vore delt inn i sju etappar som er blitt opna for trafikk etter kvart som dei har vore ferdig. I alt tre gonger før har det vore opningsseremoniar, og statsråd Skogsholm har klipt snora på to av dei.

Totalt er det bygt 24 kilometer ny veg. Kostnaden er 376 millionar kroner, men bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS har forskottert ein tredjedel. Hadde det ikkje vore for forskotteringa, ville vegsambandet ikkje stått ferdig før tidlegast om tre år.

Undervegs har det vore stor uvisse knytt til finansieringa. Kvar etappe har vore drive som eigne prosjekt med eige budsjett. Det har ikkje vore garantiar for at staten ville kome med løyvingar for å sikre kontinuerleg drift. Meir enn ein gong har det vore snakk om at anleggsarbeidet kunne bli stoppa.

Etappar på ti år

Men i går var all strid og kamp for å få gjennomslag for vegprosjektet gløymt.

— Dette er ein dag vi har venta på lenge, slo ordførar Bente Frøyen Steindal i Flora fast.

Det har ho utan tvil rett i. For eigentleg har utbetringa av heile vegsambandet frå Førde til Florø skjedd i etappar med ti års mellomrom. I 1985 var køyretida omtrent den doble av i dag.

Same året opna tunnelen gjennom det svært så rasfarlege Sundefjellet nær Florø.

Ti år etter stod ein ny tunnel klar til bruk. Denne gongen den omdiskuterte Naustdalstunnelen. Omdiskutert fordi han blei bompengefinansiert, og fordi vegen tunnelen erstatta - flaskehalsen over Ramsdalsheia - blei stengt då tunnelen opna.

Uansett prinsipiell strid om bompengebruk; den seks kilometer lange tunnelen frå Naustdal til Svarthumle korta kraftig ned på veglengda mellom dei to tyngdepunkta i Sunnfjord. I går stod altså resten av strekninga klar til bruk.

— No har vi fått gul midtstripe heile vegen mellom Førde til Florø. Det vi markerer i dag er ein viktig bit i samferdslehistoria i Sogn og Fjordane, meinte fylkesordførar Nils R. Sandal.