John Lindebotten

Meldinga om dette kom som lyn frå klår himmel i form av eit brev 5. juli, signert vegdirektør Olav Søfteland.

— Dette er ein katastrofe for reiselivet i Kvam. Reiselivsbedriftene i kommunen slit hardt nok som det er. Dersom Rv. 7 vert avskilta som «nasjonal turistveg», vil han falla utanfor ferieplanlegginga til reiseselskap og turistar både i Noreg og i utlandet, seier ordførar i Kvam, Astrid Selsvold (Ap) til Bergens Tidende.

— Det er klårt at dette kan slå ut negativt for reiselivet i Kvam. Turoperatørar ute i Europa ser på kartet når dei planlegg reiseruter. Då vil dei gjerne velja vegstrekningar som er framheva som nasjonale turistvegar, seier direktør Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord AS.

Turistveg frå 1997

Hardangerrådet krev for sin del at Nasjonal turistveg Hardanger skal gå mellom dei fire fossane. Låtefossen, Vøringsfossen, Skjervefossen og Steinsdalsfossen. Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg har og gripe inn og bed Vegdirektoratet gjera om vedtaket, slik at Rv. 7 kan halda på sin status som nasjonal turistveg.

Rv. 7 har vore skilta som turistveg frå 1997. Turistvegskiltet står på tavla på Trengereid og på Hagafoss i Hol kommune. Meir presist er det strekninga frå Tokagjelet til Halne på Hardangervidda som har nytt godt av denne eksklusive statusen.

På internettsida www.turistveg.no finn vi framleis «Riksveg 7 mellom Halne på Hardangervidda og Tokagjelet vest for Norheimsund. Mellom attraksjonane som er nemne særskilt er fartøyvernsenteret i Norheimsund.

Kan ikkje måla seg..

Men no skal visst skilta med turistvegsymbolet skruast ned. Vegdirektoratet har bestemt at turistveg-omgrepet skal strammast inn og «harmoniserast», og delast ut til 18 utvalde vegstrekningar over heile landet.

I tråd med dette har Kvalitetsstyret for nasjonale turistvegar vedteke at Rv. 7 mellom Norheimsund og Kvanndal ikkje kan måla seg med Rv. 550 frå Utne til Jondal eller med Rv. 13 frå Kinsarvik langs Sørfjorden. Rv. 7 vil difor ikkje få fornya sin turistvegstatus når nye Nasjonal turistveg Hardanger står klar, heiter det i vedtaket frå kvalitetsstyret, som er underlagt vegdirektør Olav Søfteland.

Frå 2006 skal då berre følgjande strekningar i Hardanger ha status som «Nasjonal turistveg»:

n Rv. 550 Jondal-Utne og Rv. 13 Kinsarvik-tunnelane nord for Tyssedal.

n Rv. 7 Øvre Eidfjord-Haugastøl.

— Vi har Tokagjelet, Steinsdalsfossen, Sandven Hotel, Hardanger Fartøyvernsenter, tusenårsstaden Øystese, Fyksesundet, ein flott opparbeidd rasteplass i Steinstøberget og utsynet mot Folgefonna. Kva vil dei meir? spør Astrid Selsvold.

Får ikkje pengar

No tregar ho på at kommunen før jul i 2003 vedtok å setja av 3 millionar kroner til finansiering av tiltak for å rusta opp turistvegane. Dei 3 millionane skulle inngå i ein sum på 11,7 millionar kroner frå sju Hardangerkommunar. Saman med 12 millionar regionale kroner og 37,3 millionar frå staten skulle det opprustinga av turistvegane gjennomførast til og med 2007.

— Då visste vi ingenting om planane som Vegdirektoratet hadde, seier næringsutviklar i Kvam kommune, Jan Tjosås. Han syner oss sakspapira frå den kommunale handsaminga. Der er turistvegprosjekta lista opp

— Rv. 7 frå Halne til Tokagjelet.

— Rv. 49 Norheimsund-Tørvikbygd.

— Rv. 550 Jondal-Aga.

— Rv. 13 Lofthus-Brimnes-Granvin.

— Rv. 572 Bruravik-Ulvik-Granvin.

— Dersom Rv. 7 misser statusen som Nasjonal turistveg, får vi finna andre ting å bruka pengane våre på, seier ein arg Kvam-ordførar.

POPULÆR: Steinsdalsfossen ved Norheimsund er godt plassert mellom dei ti best besøkte reisemåla i landet, men vegen som fører fram til fossen fortener ikkje lenger status som nasjonal turistveg, meiner Vegdirektoratet.<p/>FRED IVAR UTSI KLEMETSEN (foto)
NED MED SKILTET: Frå vest startar Rv. 7 på Trengereid. Der er han i dag skilta som nasjonal turistveg, men det skal det verta slutt på, seinast frå 2006. FRED IVAR UTSI KLEMETSEN (foto)