— Sjølvsagt må legane ta vurderingane alvorleg. Men i hovudsak ligg det største ansvaret hjå oss sjølve - me som til ei kvar tid sit bak rattet, hevdar Sercan Husevik.

Stort ansvar

Førarkortsøknaden inneber nemleg ei plikt til å seia frå, dersom helsetilstanden forandrar seg på ein slik måte at ein ikkje lenger er i stand til å køyra bil.

— Eit førarkort medfører eit veldig stort personleg ansvar, slår den mangeårige køyrelæraren på Stord fast.

Vegdirektoratet har likevel sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på legane sine helsevurderingar. Årsaka er at stadig fleire sjåførar over 75 år er involvert i trafikkulukker.

— Auken er ikkje dramatisk, men me registrerte ein oppgang i 2006, fortel trafikkdirektør Eva Solvi i Statens vegvesen.

Flytta mandat

Arbeidsgruppa er sett saman av representantar frå Vegdirektoratet og helsestyresmaktene. Resultatet kan verta at berre legar med spesialkompetanse på området får godkjenning til å skriva ut helseattestar i førarkortsaker.

— Det kan skje anten ved at dette vert flytta til spesielle legar, eller ved at fastlegar går gjennom ei spesialopplæring på området. Men eg ønskjer ikkje å forskottera ein konklusjon, ettersom arbeidsgruppa framleis er i sving, seier Solvi.

- Galskap

Leiar Gunnar Ramstad i Hordaland legeforening tykkjer initiativet er galskap.

— Det er ikkje kompetansen til legane det er noko gale med. Det er ingen som kjenner pasienten så godt som allmennlegane. Det me treng er eit nærare samarbeid med køyreskulane, gjerne med obligatoriske køyretestar over ein viss alder. Utvalde køyreskule-legar har eg i alle fall ikkje tru på, seier Ramstad.

Sercan Husevik er derimot glad for initiativet frå Vegdirektoratet. Han etterlyser sterkare statleg styring når ein skal vurdere helsetilstanden til førarkortinnehavarar.

— Me opplever legar som regelrett dyttar ansvaret over på oss, og som ber oss om å senda vedkomande pasient gjennom ein køyretest. Dette er ansvarsfråskriving. Samstundes gjer det oss til dommarar, og det tykkjer eg vert feil. Statens vegvesen utferdar førarkort. Dermed bør Staten også spele ei meir aktiv rolle når ein skal vurdere helsesituasjon, seier Per Ove Sercan Husevik.