Elektrikarlærlingen frå Ullensvang køyrde bilen som kom først fram til ulykkesstaden på Seljestad der tre personar omkom og to blei hardt skadd då ein personbil kolliderte med ein trailer måndag. Den svenske kvinna var blant dei omkomne.

Aga, som har jobba på same byggjeprosjekt som dei fem i ulykkesbilen, fortel at han konsentrerte seg om å halda den svenske jenta vaken det meste av tida. På eit tidspunkt var ho i ferd med å svima av.

— Eg prøvde å halda samtalen i gang, få ho til å fortelja kvar ho hadde vondt. Dette har vi lært på førstehjelpskurs, og dette fekk vi instruks om då vi ringde 113, fortel 20-åringen.

I bilen hadde han med seg kollega Audun Kvestad (21) frå Nå, og ein faglærd elektrikar frå Polen, alle tilsette hjå B. Mikkelsen i Odda.

Dei tre delte arbeidsoppgåvene mellom seg, men etter få sekund kom fleire til, både nordmenn og polakkar. Polakkane kommuniserte med dei av sine landsmenn som det var råd å få kontakt med. Ein av dei overlevande hadde brote foten og vart lagt på bakken innpakka i eit pledd.

Viktig innsats

Politiets innsatsleiar, Per Helge Sekse, seier innsatsen til dei tre var viktig.

— Dei var i direkte kontakt med AMK heile tida. Dei fekk ein person ut av bilen og gjorde så godt dei kunne fram til ambulanse og brannvesen kom fram, seier Sekse.

— Alle tok eit tak. Det blir heilt feil å framstilla oss som ekstraordinære eller heltemodige, seier Vegard Aga.

Ei rekkje bilar med handverkarar var på veg heim etter arbeid på hotell- og hytteprosjekta i Røldal då ulykka skjedde. Bilen Aga køyrde, låg som nummer to bak ulykkesbilen, men glei forbi då bilen framfor bråbremsa. Aga stogga knapt 30 meter frå vogntoget.

  • Først trudde eg det var bilberging, men så såg eg at det var folk i bilen, nokre av dei fastklemde, fortel Aga.
  • Var det eit nifst syn?
  • Det tenkte vi ikkje på før etterpå. Der og då var vi fokusert på å gjera det vi har lært på førstehjelpskurs.
  • Fekk de oppfølging etterpå?
  • Ja, vi vart med til sjukehuset etter oppmoding frå helsepersonell, og vi hadde ein samtale med ein fagperson.
  • Kjende du den svenske jenta frå før?
  • Vi var på nikk. Sidan ho var svensk, snakka eg også litt med henne, både på arbeidsplassen og ein gong vi møttest tilfeldig på byen i Odda. Ho var ei grei og triveleg jente, seier Vegard Aga.

Jobba på same prosjekt

Målarane i ulykkesbilen har jobba på same hotellprosjektet som elektrikarane i halvannan til to månader. Aga ser på dei som ein del av same arbeidsflokken sjølv om han ikkje kjende dei så godt.

Målarfirmaet Angell i Odda heldt i går ei minnestund ved ulykkesstaden. Dagleg leiar Ørjan Angell la ned ein bukett raude roser, og det vart sett opp tre små lykter, ei for kvar av dei omkomne. Dei tilsette i det vesle firmaet mintest sine kollegaer med ei stille stund.

ARNE HOFSETH
SILJE ANDVIK HOAAS, HARDANGER FOLKEBLAD
ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH