Du som skal køyre mellom Røldal og Haukeli i juli i år vil merke vegarbeidet.

"Statens vegvesen har fått ekstra midlar til asfaltering, og har valt å asfaltere strekninga mel-lom Haukelitunnelen og Røldal i sommar. Arbeidet vil halde fram til 11. juli, og Statens veg-vesen håpar trafikantane er tolmodige trass i at arbeidet vil gjere at turen kan bli noko lenger enn vanleg i den perioden arbeidet går føre seg", skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Asfalteringa kjem i tillegg til arbeidet i Haukelitunnelen og Røldalstunnelen, samt gravearbeid i Håradalen. Det tyder venting også mellom Haukelitunnelen og Røldalstunnelen.

”Statens vegvesen er lei for dei problema arbeidet medfører, men ber om at trafikantane har forståing for at arbeidet kan skape noko ventetid, og er tolmodige”, skriv dei i pressemelding.

Haukelitunnelen er stengt mellom klokka 06.00 og 18.00, med kolonnekøyring kvar heile time frå Peparsteinen og kvar halve time frå Midtlæger over Dyrskar.

Røldalstunnelen er stengt mellom klokka 20.00 og 06.00. Personbilar kan køyre gamlevegen over Røldalsfjellet.

All trafikk får køyre gjennom klokka 22.45, 01.10 og 04.45 frå Håradalen og klokka 23.00, 00.55 og 05.00 frå Seljestad.

Begge tunnelane vil vere opne for trafikk heile døgnet i fellesferien, dvs frå 4. juli til 28. juli.