Med båra dekt av norsk flagg kom den døde 19-åringen saman med foreldra sine til flyplassen på Karmøy med eit militært Hercules-fly. Feltprest, major Knut Espen Høidal og sjefen for Steinslands avdeling i Rena leir i Hedmark, rittmeister Gaute Lorentzen følgde båra frå Rena til den omkomne sin heimstad Mosterhamn på Bømlo.

I tillegg til Vegar Steinsland sin nære familie var 40 – 50 av 19-åringen sine vener frå Bømlo møtt fram på flyplassen. Fredag kveld hadde ungdommane minnesamling i Sion-menigheten på Moster, der Vegar var aktivt medlem.

Vegar Steinsland omkom i stridsvognulukka under øving på Rødsmoen skyte— og øvingsfelt i Åmot kommune i Hedmark torsdag kveld. Steinsland starta førstegongstenesta i august i fjor og var dragon i Kampvåpenets utdannings- og kompetansesenter.

Den omkomne soldaten skal gravleggjast frå Moster kyrkje torsdag, dagen etter at han ville fylt 20 år. Mora og faren, Anne Berit og Rolf Steinsland ønskjer gjennom Bergens Tidende å uttrykkja stor takksemd overfor måten Forsvaret har teke seg av dei pårørande etter ulukka. Vegar har to brør og ei søster.