Våren 2006 er etterslepet på vedlikehald på riksvegnettet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland 3,5 milliardar kroner. På fylkesvegnettet reknar Statens vegvesen med eit vedlikehaldsbehov på 2,8 milliardar. I tillegg kjem dei kommunale vegane der det også er eit skrikande behov for utbetring. Og det blir ikkje mindre i åra framover.

— Med dei løyvingane vi er førespegla i Norsk veg og trafikkplan, vil etterslepet på vedlikehald berre auke. Vi får for lite pengar til å stoppe utviklinga. På riksvegnettet har vi kalkulert med at det i 2009 vil vere oppe i fire milliardar, seier sjefsingeniør på veg og trafikkavdelinga i region vest, Johannes Reinen.

- Jamt over like ille

Mangelen på vedlikehald er mest prekært i tunnelane. 1,1 milliardar kroner trengst til å ruste opp dei mange og lange tunnelane på Vestlandet.

— Vi snakkar om vifter og lys som skulle vore skifta eller utbetra, reinskingsarbeid som skulle vore gjennomført, skilt som skulle vore bytt ut. Altså det som trengst for å bringe tunnelane opp til den standarden dei skal ha, seier Reinen.

Skulle vegvesenet kome à jour med vedlikehaldsbehovet på dekkelegging og vegfundament, burde dei i år hatt 860 millionar kroner. For å halde dagens nivå, burde vegvesenet i år hatt 140 millionar kroner til å leggje fast dekke på riksvegnettet i region vest. Dei har 85 millionar.

I tillegg er det også eit skrikande behov for utbetringsarbeid på bruer og kaier. Etterslepet er 700 millionar.

Johannes Reinen vil ikkje seie noko om det er område eller fylke som kjem ekstra dårleg ut: - Jamt over er det like ille. Alle dei tre fylka har sine problemstrekningar som burde vore gjort noko med.

Størst i Hordaland

Når det gjeld fylkesvegar er vedlikehaldsoppgåvene størst i Hordaland. Men så er også Hordaland det vestlandsfylket som har flest kilometer fylkesveg. Statens vegvesen kalkulerer etterslepet til bortimot 1,2 milliardar kroner på 1763 kilometer fylkesveg.

Sogn og Fjordane har 1430 kilometer fylkesveg, og her er vedlikehaldsbehovet stipulert til 709 millionar. I Rogaland er etterslepet rekna til 936 millionar.

— Har manglande vedlikehald konsekvensar for trafikktryggleik?

— Eg kan ikkje direkte seie at for lite pengar til vedlikehald fører til fleire ulukker eller skader på personar og materiell. Men det vi i alle fall må kunne seie er at dårleg vedlikehald aukar risikoen, seier Johannes Reinen.