Riksveg 7 mellom Kvanndal og Ålvik vart stengt på Kjepso i Kvam grunna ras. Vegen er no open att, meldar NRK.

– Det rasar småstein nedover. Men ingen bilar eller folk skal vere skadde, seier operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Vegen blei stengt klokka 14.55, og det er uvisst når den vil bli opna igjen.

– Vi får ikkje rydda før raset har gitt seg. Det er ikkje store steinar, men det har rast ut småsteinar ei god stund. Vi har ikkje fått tilbakemelding på at det har slutta, seier Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen i Hordaland.

Omkøyring er via Voss.