Anleggsarbeidet har gått for fullt heile helga i Odda, og måndag føremiddag kunne kommunen opne ein mellombels veg over til Hjøllo på austsida av bygda.

Bebuarane har berre kunne nå husa sine til fots sidan elva Opo gjorde stor skade då ho rann over natt til onsdag i førre veke.

— Vi får ikkje testa vegen skikkeleg før bedriftene er i gjenge att på den sida, men så langt fungerer den bra, seier teknisk sjef i Odda kommune, Jostein Eitrheim.

Tre evakuerte

Måndag vart det klart at fem huseigarar kan flytte attende til huset sitt. Dermed står det att tre hus som framleis ikkje er trygge nok. Politiet vurderer fortløpande om det er trygt for dei å flytte heim.

— Nokre stader vil det vere unaturleg å bu på grunn av anleggsverksemda der, men det er eit forhold mellom kommunen, huseigar og NVE, seier lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik.

Eit av husa er så farleg at bebuaren ikkje har fått kome inn for å redde saker og verdiar.

Alle som har miste hus eller framleis er evakuert har fått tilbod om kommunale bustader. Nokre har valt å bu hos familie og venner.

— Dei skal få god tid til å områ seg, og kan bli buande ganske lenge, seier ordførar John Opdal.

Dugnad

Sundag hadde oddingane dugnad for å rydde opp rundt Sandvevatnet. Ordføraren fortel at bygda var inspirert av Voss. Rundt 200 oddingar hjelpte til med traktorar og trillebårer.

— Det er veldig positivt. Oddingane har takla dette bra og gir mykje støtte til dei som har mista husa sine, seier Opdal.

Reknestykket på kva skadane kjem på er framleis ikkje klart.

— No jobbar vi med strakstiltaka, seier ordføraren, som fortel at han er invitert til møte med statsministeren saman med ordføraren frå Voss, Aurland og Flåm.

Ureinsa kloakk

Flaumen tok med seg kloakkleidningen, så mykje av kloakken frå øvre del av Odda går no rett ut i elva og vidare i fjorden.

— Situasjonen er uhaldbar, men det er ikkje mogleg å gjere noko med no. Vi hastar på med å reetablere leidningen, og trur den er på plass i løpet av 14 dagar, seier teknisk sjef.

Samstundes held Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram med sikringsarbeidet langs elveleiet. Dei vil truleg ha flaumekspertar på plass minst halvannan månad framover.

Etter kvart skal det lagast ein anleggsveg langs elvebreidda for å leggje steinar i elvebotnen og byggje opp mur mot vatnet.

Hovudbrua over til Hjøllo raste saman i flaumen. Jostein Eitrheim fortel at dei jobbar for å finne ei løysing, men at dei enno ikkje veit om brua kan reddast eller om det må byggjast ny.