Det er omtalt som fjordkryssingsalternativ i mange tiår, blant anna i Ryfylke, men aldri blitt utført nokon stad. No kan sunnmøringane bli dei aller første som realiserer ei røyrbru flytande under sjøoverflata.

Eit forprosjekt for ei kombinert røyr— og flytebru over Rovdefjorden i Vanylven skal vera ferdig 1. juli i år. Ingeniørane i Reinertsen AS, Dr. techn. Olav Olsen og SINTEF har designarar frå arkitektkontoret Snøhetta med på laget, og dei meiner løysinga er fullt realiserbar i dag - til ein kostnad konkurransedyktig med høgbru.

Sognefjorden

- Teknisk er det i dag mogleg å byggja ei slik bru, blant anna basert på tilsvarande konstruksjonar som er laga innan olje og gass. Det heile avheng av politiske prioriteringar, seier Kolbjørn Høyland, marknadsdirektør i rådgivarfirmaet Dr. tech. Olav Olsen.

Saman med ingeniør- og entreprenørselskapet Reinertsen og Snøhetta har firmaet tidlegare laga konseptstudiar for røyrbru-kombinasjonar for kryssing av Sognefjorden i prosjektet Ferjefri E39.

Det er Vanylven Utvikling som har gitt dei same selskapa i oppgåve å forprosjektera verdas første dykka røyrbru i kombinasjon med flytebru. Røyrbrudelen blir rundt 400 meter, flytebrua 1500 meter. Fjordstykket har ein holme som festepunkt, og er langt enklare å forsera enn Sognefjorden og Bjørnafjorden som vil krevja bruer på rundt fire og fem kilometer.

- Stor spennvidd

- Vi studerer nøye slike konstruksjonar, fordi dei klart er teknisk byggbare. Dei krev ikkje høge brutårn og gir små høgdeskilnader på køyrebanen, seier Olav Ellevset, prosjektleiar for Ferjefri E39.

Vegvesenet ser ei tofelts røyrbru over Rovdefjorden i den ytre kystvegen som eit viktig pilotprosjekt for eventuelle firefelts røyrbrukombinasjonar på framtidas E39.

Olav Ellevset er spent på korleis fylkespolitikarane i Møre og Romsdal stiller seg til initiativet frå Vanylven når forprosjektet er klart.

- Det er framleis stor spennvidd i moglege løysingar for fjordkryssing på E39. Vi veit det er teknologisk råd å få til, anten som hengebru, flytebru eller røyrbru - eller som kombinerte løysingar, seier Olav Ellevset.

- Opplevinga teke vare på

Høyland seier at firmaet hans i 15 år har gjort studiar på fjordkryssing med røyrbru og flytebru. Basert på firmaets erfaring med betongkonstruksjonar for olje- og gassutvikling, er han ikkje i tvil om at bruløysingane er gjennomførbare og trygge.

- Det finst norske offshorekontraktørar og selskap i den maritime klynga med kompetanse til å utføra slike oppdrag, seier han.

- De legg også vekt på estetikken?

- Det er viktig å gjera eit anlegg visuelt fint og tilpassa landskapet. Snøhetta er veldig bevisst på at det skal passa inn i terrenget og at det er utforma slik at køyreopplevinga blir teke vare på. Det skal følast naturleg å køyra ned under vatnet, seier Høyland.