— Dette har vore eit problem i fleire år. Det er tydelegvis nokon som ikkje greier å kjøre forbi når dei ser ved oppstabla nær vegen, seier lensmann Hans Petter Harlem i Balestrand.

Sjølv om lensmannen meiner at slett ikkje alle tjuveria blir politimeld, har han i vinter registrert fleire saker av denne typen. Ein gong i desember, to gonger i januar og sist no i slutten av februar forsvann ved som stod lagra langs vegen.

Tidlegare år har det også vore ei rekke liknande tjuveri av brenselet.

— Det er snakk om ei rekke småtjuveri. Ikkje så store verdiar, men svært irriterande for den som arbeider med vedhogst, seier Harlem, som meiner vedhoggarane no må tenke betre på korleis dei lagrar produkta sine.

— Vi oppmodar dei om å plassere veden slik at den ikkje kan sjåast og nåast så lett frå riksvegen, seier lensmannen. - For vi trur dette dreier seg om relativt lokale folk som er ute etter ved til eige forbruk. Alt tyder på at dei kjem nattestid og lempar veden inn i ein heilt vanleg personbil eller stasjonsvogn.

Alt tyder på at tjuven har lite å frykte, i alle fall dersom han unngår å bli tatt på fersken.

Også i fleire andre lensmannsdistrikt på Vestlandet blir det frå tid til anna meldt om liknande tjuveri. Fitjar-lensmann Svein Lunde stadfestar for eksempel at ved forsvinn frå stablar langs vegane i kommunen.

— Vi høyrer jo om det, men det er sjeldan sakene blir meldt. Det er jo ei relativt vanskeleg sak å oppklare. Beviset er jo i ferd med å bli brent opp, humrar Lunde.