TERJE ULVEDAL

Assisterande direktør i Kriminalomsorgen, region Vest, Leif Waage, seier det heile var ein glipp.

Ifølgje Waage løfta ein av fengselsbetjentane av røyret for å sjekke om samtalen mellom advokaten og den arresterte var avslutta.

Betjenten høyrde då ei kvinne som også tok del i samtalen, noko som er brot på brev— og besøkskontrollen.

På bakgrunn av den ulovleg avlytta telefonsamtalen, ber politiet no Ytre Sogn tingrett skifte ut Anda som forsvarar.

Waage seier til NRK Sogn og Fjordane at det er uakseptabelt å ta av telefonrøyret for å sjekke om ein samtale er over, og avviser at fengselet brukar denne metoden for å avlytte samtaler mellom advokatar og klientar.