EYSTEIN RØSSUMMARIT HOLM eystein.rossum@bt.noDei to gutane, ein 17-åring og ein 19-åring, vart begge sette fri i går etter å ha forklart seg for politiet. Politiet held fast ved den alvorlege siktinga, men valde ikkje å prøve å få varetektektsfengsla dei to. Valdtekta skal ha skjedd sist tysdag kveld heime hos 17-åringen, i eit husvære sør i Bergen. Dei to sikta skal ha forklart at det vart røykt hasj, og at jenta deretter hadde sex med dei to inne på eit soverom. Ein tredje kamerat skal ha sett på fjernsyn i stova medan dei andre var inne på soverommet. — Forstår ingenting - Klienten min stiller seg heilt uforståande til siktinga, og er djupt fortvila over skuldingane, seier advokat Roar Vegsund, som representerer 17-åringen. Han vart pågripen heime torsdag formiddag, medan 19-åringen vart tatt på jernbanestasjonen i Bergen då han kom med toget torsdag ettermiddag.- Det var absolutt godt påtalemessig skjønn å lauslate dei to, seier Bjørn Meltzer, advokat for 19-åringen. Ifølgje Meltzer hevdar 19-åringen at jenta sjølv hadde med kondom som vart brukt, og at alle fire såg på fjernsyn saman etterpå før jenta reiste heim. Ikkje fare for tap av bevis Dei fire går på same skule i Bergen, og ifølgje advokat Vegsund har 17-åringen vore kjærast med jenta før.- Vi har ei rimeleg klar oversikt over kva som skal ha hendt, seier politiavdelingssjef i Bergen politidistrikt, Tove Lian Mathiesen.Årsaken til at ungdommane ikkje vart framstilt for fengsling, er at politiet ikkje meiner det er fare for at bevis skal gå tapt om dei er på frifot.- Det står att ein del etterforsking i saka, seier Lian Mathiesen. Ho vil ikkje uttale seg om kva som har kome fram i avhøyra av dei sikta og av jenta. Christine Due Sivertsen er oppnemnd som bistandsadvokat for jenta.- Eg har snakka med henne, men ønskjer ikkje å uttale meg om saka enno, seier Due Sivertsen.