— Vi har hatt vanskar med drifta over fleire år, vedgår dagleg leiar Svein-Ottar Sandal.

Ein av grunnane til at renovasjonsselskapet i Nordfjord har slite med drifta av gjenbruksstasjonen ved Kalvåg, er ifølgje Sandal skiftande bemanning. NoMil har leigd arbeidskraft frå Bremanger kommune, men det har vore uråd å få ei stabil ordning med faste tilsette.

— Opplæringa av dei som har vore på plassen, har ikkje vore god nok. I tillegg har folk i området synt lite respekt for at Nybø er eit mottaksanlegg med avgrensa opningstid, seier Sandal. Han viser til punkta i rapporten om at folk kastar avfall over gjerdet, og at det var hol i gjerdet.

— Denne opninga er rett og slett folk som har klipt for å kome seg inn på området og kvitte seg med avfall. Det er ikkje første gongen det har skjedd.

Vel to veker etter inspeksjonen, blei mesteparten av det farlege avfallet fjerna. Fylkesmannen har sagt seg nøgd med den raske reaksjonen, og difor trekt varselet om å stengje plassen. Ei rekkje mindre alvorlege feil og manglar som står att å ordne opp i, skal rettast innan 15. juni. Dersom ikkje det blir gjort, varslar Fylkesmannen om tvangsmulkt på inntil 50.000 kroner.

— Du erkjenner at leiinga kjende til driftsvanskane ved denne stasjonen. Burde det ikkje då vore teke affære før, Sandal?

  • Dei konkrete avvika som blei oppdaga ved kontrollen i april kjende vi ikkje til. Vi vedgår å ha kjent til at det har vore store vanskar med drifta. Det er også grunnen til at styret i NoMil no i vår avgjorde å avvikle plassen. Vi jobbar no med å få ein avtale om å leggje eit nytt mottaksanlegg ein annan stad i området, og har godt håp om at det vil gje ei betre løysing.
  • Styret si avgjerd om å stengje plassen, blei den teken før eller etter inspeksjonen?
  • Den var gjort før.