Etterforskinga starta då nære slektningar til ein yngre gut fekk mistanke om overgrep og kontakta politiet. Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal den fengsla sjølv vere i familien med denne guten.

For fire veker sidan blei mannen varetektsfengsla, og i går samtykka han i fire nye veker med brev— og besøkskontroll.

Fleire fornærma

Politiet har inntil i går lagt nærast fullstendig lok på etterforskinga. Men i samband med at mannen samtykka i ny fengsling, lette politiet litt på sløret.

Gjennom den fire veker lange etterforskinga har politiet avdekka at det er fleire fornærma i saka.

— Mannen har erkjent overgrep mot fleire personar. Han har også vedgått å ha forgripe seg fleire gonger overfor enkeltpersonar, opplyser Tormod Hvattum, konstituert lensmann i Selje og Vågsøy.

På bakgrunn av etterforskinga og omsynet til dei fornærma held politiet framleis korta forholdsvis tett til brystet, og vil ikkje gå ut med kor mange fornærma det er i saka. Politiet ønskjer heller ikkje å kommentere kva slag overgrep det er snakk om.

Beslag i pc

Overfor Bergens Tidende stadfestar også lensmannen at politiet etterforskar om den varetektsfengsla 40-åringen har hatt tilknyting til pedofile grupper. Mellom anna har politiet tatt beslag i mannens datamaskin for å finne ut om han har lasta ned bilde/film frå internett, eller vore aktiv i pedofile grupper på nettet.

— Vi har lagt opp etterforskinga så brei som råd, seier lensmannen Hvattum.

Avsløringane om overgrepa har skapt sterke reaksjonar i lokalmiljøet der den varetektsfengsla var ein kjend person. Ei rekkje personar frå lokalmiljøet har vore kalla inn til avhøyr.

Mannen har vore aktiv i idrettsmiljøet, og lensmannen seier dei etterforskar om han har utnytta sin posisjon i dette miljøet til å kome i kontakt med unge gutar.

Ferdig om åtte veker

Mannens advokat, Per Kjetil Stautland, ønskjer i minst mogleg grad å kommentere saka.

— Eg kan stadfeste politiets opplysningar om at han har erkjent ein del forhold som han er sikta for. Men utover det vil eg ikkje kommentere saka, både på grunn av forholdet til dei fornærma og den pågåande etterforskinga, seier Stautland.

Til Bergens Tidende seier lensmann Hvattum at det framleis står att mykje etterforskingsarbeid, og at det dei næraste vekene skal gjennomførast ei rekkje nye avhøyr.

— Men vi reknar med at om to månader skal saka vere ferdig frå vår side, seier lensmannen.