Formiddagen etter politimeldinga om overgrep mot den eldre kvinna oppsøkte to politibetjentar den no tiltalte lokalpolitikaren og forretningsmannen. Betjentane hadde instruks om å forsikre mannen om at han ikkje var mistenkt eller sikta i saka, og dei mangla ransakingsløyve.

På tiltaltes velvilje

Natta før hadde to andre betjentar rykka ut til plassen. Dei fekk ordre om å returnere til politikammeret utan å kontakte den namngjevne lokalpolitikaren eller granske åstaden same natt.

Formiddagen etter stilte politiet utan ransakingsordre. Politibetjentane måtte dermed pent be om å få sleppe inn.

— Vi gjorde åstadsundersøkinga medan han (tiltalte, red. merkn.) var til stades og høyrde alt vi sa oss imellom, sa politiførstebetjent Wenke Hope i si vitneforklaring i går.

Hope hadde lite godt å seie om politiarbeidet dei med sine avgrensa fullmakter kunne utføre.

— Han viste oss rundt. Eg følte at vi var der på hans velvilje, vi gjekk rundt som om vi var på besøk hjå han, sa Hope. - Eg meiner vi gjorde ei dårleg åstadsgransking, og at spørsmålstillinga overfor tiltalte var dårleg.

Ringte overbetjenten

Ifølgje Hope opna tiltalte kjøkkensskap og viste dei rundt.

— Det kan godt ha vore ting i skapa som vi ikkje såg. For denne åstadsgranskinga var ikkje mykje å skryte av, sa politiførstebetjenten i retten.

Seinare, etter at lokalpolitikaren var sikta, gjorde politiet ei skikkeleg ransaking. Blant funna var ei tom valium-eske i kjøkkenskapet.

Medan politibetjentane enno var i huset, ringte lokalpolitikaren til politioverbetjent Stig Inge Hauge på politihuset i Florø.

Hauge hadde vore ein av to vakthavande på politiets operasjonssentral natta før, og følgjeleg til stades da ordren om ikkje å etterforske saka vidare vart gitt. Sameleis skulle heller ikkje offeret til medisinsk undersøking same natt.

Overfor Bergens Tidende stadfestar overbetjenten telefonsamtalen.

— Det vi snakka om, hadde ingenting med denne saka å gjere, seier Hauge.

— Kva snakka de om?

— Eg kan ikkje svare på kvifor han ringte. Det må han seie sjølv.

Etterpåklokskap

Aktor i saka, statsadvokat Jogeir Nogva, vedgår at det er rom for ein viss etterpåklokskap. Nogva ville opphaveleg legge vekk valdtektstiltalen etter bevisets stilling, men vart overprøvd av riksadvokaten.

— Vi ser jo no at det hadde vore ønskeleg med meir intensive tiltak straks, det er klart, seier Nogva. - Men saka er spesiell, vi har ei 70 år gammal dame med black-out.