Alle fuglar små dei er, og i år kom dei svært tidleg tilbake. Det lovar ikkje bra, ifølgje 72-åringen Magnus Skildheim på fjellgarden Røyrvik i Høyanger kommune.

— Det kan bli ein nokolunde bra april i år. Men eg er stygt redd for eit tilbakeslag i mai, og at vi får ein kaldare periode, seier Skildheim, som er spesialist på vêrteikn i naturen og gamle merkedagar.

— Dyr og fuglar er våre beste vêrvarslarar. Ingen er så sikre som dei!

Skrikande ramnar

Røyrvik ligg 350 meter over havet. Enno er det 60 centimeter snø i tunet hans. Snøklokkene blomstrar tett inntil husveggen, mens vipene leitar fåfengt etter ein berr flekk. Men bonden i tunet var ikkje det minste overraska over det flotte påskevêret i år.

— Det var total klaff! Vêret vart akkurat slik eg spådde på nærradioen i Luster. Og i år vart påskevêret nøyaktig likt det i 1954, då eg hadde mi første påske her oppe på Røyrvik, seier Skildheim til BT.

Når småfuglar som bokfink, raudstrupe og vipe tek tidleg retur, er det varsel om ein kald vår, ifølgje Skildheim. Også når kråka kjem før 12. mars, ramnane skrik fælt og rypene trekk tidleg ned frå fjellet. Slik dei har gjort i år.

— Det betyr vêromslag. Då kan det bli både kaldare og meir nedbør - og til og med snø. Eg er ikkje så sikker på at vi er ferdige med snøen enno, seier Skildheim.

— Så det kan bli ein kald 17. mai i år?

— Det kan det! Alt kjem så tidleg i år. Både påska og pinsehelga.

Hesterumper mot stein

Skildheim har ord på seg for å vere rimeleg treffsikker, men den lokale vêrprofeten understrekar at solvarsel i Sogn ikkje utelukkar regn i Bergen.

— Skiljet går ved Sognefjorden. Det kan vere veldig fint her, men nedbør lenger sør og meir drag av austlandsvêret.

Mange gamle vêrteikn er i ferd med å gå i gløymeboka, og Skildheim er ein av dei få attlevande tradisjonsberarane. Kanskje blir det bok ein vakker dag? Pensjonisten er iallfall byrja å føre kunnskapane sine inn på pc'en.

— Det er eit sørgjeleg mas; eg har fleire forlag etter meg. Men i dag er det så enkelt å skru på tv'en eller radioen for å få vêrvarslet. Folk ser ikkje kva som skjer i naturen rundt dei, seier Skildheim, som gir BT-lesarane fleire gamle merke på sol eller regn.