Stjernehimmel, månefaser og dyreliv. Flo og fjøre og fuglar. I over femti år har Magnus Skildheim på fjellgarden Røyrvik i Høyanger kommune studert vêr og vêrteikn i naturen.

Etterkvart har 72-åringen opparbeidd seg godt omdøme som vêrprofet. Dagleg får han telefonar frå folk som lurar på når det er lurt å arrangere bryllaup, eller dra på fisketur.

— Berre i dag har eg fått fem-seks telefonar frå folk som lurar på om dei skal leggje påskeferien til Noreg eller Syden, humra Skildheim då BT snakka med han i 14-tida i går.

Lovar godvêr ei veke til

Vårsola varmar, og snøen er på retur i låglandet. Men på fjellgarden, 350 meter over havet, har Skildheim utsikt til det han kallar «verdas finaste påske»:

— Strålande sol, klår himmel og 72 centimeter snø. Det blir fortsatt godvêr, heilt sikkert i ei veke til, men truleg endå lenger, rapporterer pensjonisten.

Prognosane baserer han på fleire observasjonar; blant anna tidspunktet for forrige fullmåne, og merkedagen Peder varmestol, 22. februar.

— Den dagen var det fint om morgonen, og skya om kvelden. Etter gamalt heiter det seg at slik vêret blir denne dagen, slik blir det i tre veker framover. I år var det fint om morgonen, og litt skya om kvelden, forklarar Skildheim.

Skummelt for påskevêret

— Neste nymåne kjem 20. mars, og dagen fell saman med vårjamndøger. Det tyder også bra. Sønnamåne tyder på mildare vêr frå sør, og det kan bli nedbør. Det har vore raude skyer om morgonane, og det kan også tyde på vêromslag.

Raude skyer om kvelden har motsett tyding, forklarar spåmannen, og illustrerer med eit gamalt uttrykk: «Når aftenen er rød og morgenen grå, kan du trygt på tur med din kone gå».

Fint vêr no lovar derimot ikkje fullt så godt for påska.

— Det er skummelt når vi har så godt og stabilt vêr over fleire veker, for det varar sjeldan lenger enn ein månad. Men palmemåndag er det fullmåne, og då blir det ofte bra vêr, seier Skildheim, og siterer endå ei verselinje: «När fullmånen lyser ock flickorna fryser, då er det inte lett att vara pojk».

Syngande dompapp, skrikande ramn

Sommarvêret vil Skildheim ikkje spå om enno.

— Nei, det er for tidleg. Prøv igjen i slutten av april, seier han.

Men BT-lesarane kan sjølve sjå seg rundt i naturen etter teikn på tidleg vår og sommar. Her er Skildheims beste tips:

— Det krev litt trening, men prøv å legge merke til om flyttfuglane kjem tilbake tidleg. Sjå om skogen skyt knopp tidleg, og om knoppane er større på skuggesida enn solsida. Sjekk kor sterk fargen på sjølve skogen er.

Byrjar dompappen å syngje tidleg, er det også teikn på tidleg vår. Men høyrer du ramnane skrike, tyder det snø i løpet av dei neste tjuefire timane.

— I morgon lyt du brøyta, sa eg til naboen min for ei stund sidan. Ikkje tale om, sa han. Neste morgon låg det ein halv meter snø på tunet hans, humrar spåmannen i Sogn.

PS: I haust spådde Magnus Skildheim både mange vinterstormar, og at den tyngste snøvinteren kom etter nyttår. Begge delar slo til.

VÊRPROFET: Magnus Skildheim meiner finvêret held seg.