– Dei som kan, bør koma seg heim i dag, sa vaktoperatør Atle Osen i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane til bt.no laurdag.

Men sjølv om viljen var der, var det ikkje berre berre for fjellfolket å koma seg heim, verken i går eller i dag. Ein stor del av fjellovergangane var nemleg framleis heilt stengte. I morgontimane søndag ser situasjonen ut til å vera litt betre.

Sjekk oppdaterte vegmeldingar her!

Ifølgje meteorologen blir det mykje nedbør og vind i dag, og snøgrensa vil synka til rundt 300-500 meter. Han anbefaler dei som ikkje kom seg ned frå fjellet laurdag om å venta til mandag.

– Det blir mindre nedbør søndag, men nok til å skapa problem. Men på mandag vil vinden roa seg ned til å bli forbigåande, så dei som enno ikkje har kome seg ned frå fjellet får ein sjanse då, seier Vikane.

Vinden skapar trøbbel

Ifølgje Osen er vind hovudproblemet.

– Største utfordringa er at vinden blæs med seg laussnø og gir null sikt, seier han.

Brøytemannskap var i går ute og arbeidde for fullt med å få bort snøen.

– All honnør til mannskapa som er ute. Dei gjer alt dei kan for å få rydda vegane, seier Osen.

Stor pågang

Vegvesenet sine vaktsentralar både i Hordaland og Sogn og Fjordane har hatt enorm pågang frå fortvilte fjellfolk dei siste dagane.

– Folk ringjer i eitt og lurer på kva som skjer, seier Eli Solberg ved Statens vegvesen Hordaland.

Ho oppfordrar også folk om å venta til mandag.

– Eit godt alternativ er å venta til mandag. Då ser vêret ut til å bli betre, seier Solberg.

UVÊR: Snø og vind skapar store problem på fjellovergangane. Her frå Hemsedalsfjellet.
ROBERT ØVREBØ (MMS)