165 kilo tung, 88 centimeter høg og halvanna meter lang, vêren Kvann har vakt oppsikt i Sogn.

– Det er godt mogeleg at Kvann er landet sin største vêr, seier Ove Holmås, formann i Hordaland sau og geit.

Nokon større?

Fòrvert Omar Fosse Refsdal er meir enn stolt over den fire år gamle avlsvêren han har oppavla.

– Det hadde vore interessant å sjå om nokon kunne slå Kvann i storleik, seier han til Sogn Avis.

Gigantisk

Frå Holmås får me opplyst at normalvekta til ein vêr ligg på 100 kilo, ein dalavêr som Kvann kan godt vere 20-30 kilo tyngre.

– Men 165 kilo er gigantisk. Han kan då neppe bli brukt til avl? lurer fylkesagronom Olav Romarheim. Han tenkjer då på søyene.

Beste far til søyene

Men Kvann er stadig i gang i sauefjøset til Fosse Refsdal. Han har i følge fòrverten perfekt til avl.

– Ein kann ikkje finna betre far til søyene enn Kvann, seier avlsfaren.

Har du sett ein større vêr? Del dine historier her, eller send oss bilete og mål på 2211@bt.no.

GIGANTISK VÊR: Bøndene i Vik i Sogn meiner Kvann er landets største. Nokon større?
Gunnar Kleven, Sogn Avis