Dei kan takka regnveret i juli, dei som kasserer inn dei auka billettinntektene.

— Denne helga er besøket formidabelt. Fredag passerte vi 99.000 besøkjande i juli, det er 27.000 fleire enn i same månaden i fjor, dette blir beste juliresultatet nokon gong for Bergen Kino, seier direktør Stein Sandvik. At både siste Harry Potter-filmen og filmen om Simpsons går denne helga, gjer sjølvsagt sitt til storbesøket.

— Men regnver trekkjer også folk for oss, seier direktøren.

På Akvariet er direktør Kees Ekeli like strålande fornøgd med sommarvêret.

Supert Akvariever

— Vi har hatt eit supert Akvariever i det siste. For vår del må det gjerne regna heilt fram til skulestart, smiler Ekeli.

Han tippar at det blir selt knapt 65.000 billettar til Akvariet denne månaden. I fjor var 58.000 innom i juli.

— Vi må nok tilbake til 1999 for å finna tilsvarande godt sommarbesøk, seier Ekeli.

På grunn av godveret i juni i år, låg besøket den månaden litt under tilsvarande i fjor.

På byens siste tilskot på opplevingsmarknaden, Vilvite, går Sentrifugalskapen så det susar. Alle dei andre tekniske installasjonane også, viss ikkje ein og annan av dei står på grunn av innkjøringsproblem.

— Vi slit litt med stabiliteten i drifta, alt er nytt for oss og vi må be publikum bera over med litt småproblem no i starten, seier administrerande direktør Svein Anders Dahl.

Men besøket på Vilvite er det ingenting å sei på. Fleire enn venta har vore innom det nye opplevingssenteret sidan opninga 31. mai.

700 om dagen

— Vi venta eit besøk på 90.000 i året, som betyr eit snitt på 300 om dagen. Til no har vi hatt eit besøk på rundt 700 kvar dag. Inntil fredag hadde 24.000 vore innom dørene, det synest vi er gledeleg mange, og sjølvsagt spelar vêret ei rolle. Vi er sensitive for sol. Vårt publikum kan lett koma til å tørka vekk ved høge utetemperaturar. Vi er nok svært klimaavhengige, seier Dahl.

Vilvite opnar klokka ni om morgonen. Dei første timane plar det vera lite folk. Dahl oppmodar fleire om å koma tidleg for å få betre plass ved installasjonane.

På Bergen Offentlege Bibliotek har det vore kjempetravelt i juli, fortel avdelingsleiar Elin Huseby.

Gøy på biblioteket

— Veret påverkar alltid aktiviteten i biblioteket, men utlånet er alltid høgt i denne månaden. Vi har større utlån per time i juli enn når det er på det travlaste om hausten. Det har med opningstida å gjera. Når det regnar, merkar vi det mest på at folk blir lenger i biblioteket. Er det godt ver, hentar lånarane bøkene og går.

Huseby har jobba fleire veker i juli. -Det er så kjekt å jobba i biblioteket om sommaren, fordi vi er færre på jobb er arbeidsdagen annleis. Vi har det travelt og veldig gøy, seier ho.

Silje Katrine Robinson
Amundsen, Paul S.