Somlinga går med trasiga skor,

Tills de har slutat gå.

Djävulen som i helvetet bor

Får sig et gott skratt då.

(Cornelis Vreeswijk)

Sørleg bris, liten kuling 12 på kysten. Regn.

Det aukar på. Stansar ikkje. Blir det 100 dagar i strekk denne gongen? Blir det rekord? Blir det støvlar kvar dag?

Nei.

– Ny forsking viser at vi ikkje tar på sko som passar til vêret. Val av fottøy er uttrykk for djupe, irrasjonelle sider ved menneskesinnet.

Slik kunne kanskje svaret blitt om vi hadde intervjua ein forskar om ny forsking.

Det gjorde vi ikkje. Vi gjekk ut for å sjå sjølv. Ut for å sjå på føtene.

Kliss

To raude, spisse sko ser overberande på eit par sjeldne støvlar som arbeider seg forbi.

Støvlane gir f. Berre går.

To kvite tøysko fniser ved synet av to raude, spisse sko.

– Eg ekje så fan av støvler, forklarer ho (17) som har dei på.

Den gongen ho gjekk på barneskulen, kunne ho bruke støvlar kvar dag. No er det liksom berre så lite kult.

No går ho i to kvite, kliss våte, tøysko.

Mediehuset Bergens Tidende kan i dag avsløre at veldig få går i støvlar, at kvar dag prøver innbyggjarane i verdas kanskje aller våtaste by å vere elegante i sko av noko som minner om trekkpapir.

Kluss

Ei oppteljing viser denne materialfordelinga i fotregionen hos eit utval folk flest:

Tøy, tøy, tøy, tøy, skinn, tøy, skinn, pussig kunststoff, gummistøvlar, pussig kunststoff, tøy, skinn, skinn, pussig kunststoff, tøy, tøy, plast, tøy, gummistøvlar, tøy.

– Vi blir født, det regnar, vi skal formeire oss, og trongen til å føre arten vidare gjer oss til vesen styrt av biologi og evolusjon – som manifesterer seg i kva sko vi tar på, kunne forskaren kanskje ha sagt.

Saksofonisten frå Kviterussland står ved Star Tour og spelar It ain’t Necessarily So . Han har svarte joggesko, men vil ikkje seie kvifor. Og så: Killing me softly.

Klass

Tynne tøysko av den typen det kostar to kroner å sy i Malaysia har hegmoni no.

Men ser ein godt etter, ser ein subkulturane.

***** I regnbyen finst minst ein mann med kalosjar der ute, som ikkje er Herman Friele.

  • Det finst ein polakk med afrikanske røter som berre ser rart på deg når du spør om han har støvlar.
  • Det finst, tru det eller ei, seglarsko der ute.
  • Det finst ein politikar med pietistiske røter og kommunistiske overtydingar som går i gore-tex.
  • Det finst ei dame som går med små sko av plast fordi dei held henne tørre.
  • Det finst store støvlettar som ser ut som dei luktar våt sau.
  • Det finst damer som har støvlar i sterke fargar.
  • Det finst ein fyr med fargerike støvlar, ein fyr som alltid har gått i støvlar når det regnar, som opplyser om at dei kalla det for sjøstøvlar då han var liten (det er lenge sidan) og som reknar med at paret han har no skal halde resten av det regnfulle livet her vest.

Går du med trasige sko?