— Nei, definitivt ikkje, seier vakthavande meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

— Torsdag vert det mykje sol og temperaturar over 20 grader. Fredag vert enda finare og varmare, den beste dagen så langt i denne veka, varslar Grønneberg.

— Kan du sjå lenger fram i tid òg?

— Laurdag blir det litt nedbør, og søndag litt sol. Måndag og tysdag ser det ut til å bli vekslande.

Ein god blanding, altså, og Sunniva gjer lurt i å ha paraplyen på lur.

FOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN
PAUL SIGVE AMUNDSEN