— Vi responderte på automatisk brannalarm både på Voss Folkehøgskule og Finnesloftet, men det var ikkje eld laus, fortel Signar Aune i Voss Brannvern.

Utette vegger

På Finnesloftet hadde det utvendige sprinklaranlegget løyst seg ut.

— Huset har ikkje tette yttervegger, så det har nok kome litt vatn inn, men eg er usikker på kor store skadane kan vera, seier Fortidsminnesmerkeforeninga sin lokale tilsynsmann Gunnar Midthun.

Han ventar assistanse frå Bergen for å sjå nærare på skadeomfanget i morgon.

Trykkfall

Det blir spekulert på om brått trykkfall i vassleidningsnettet i området kan vera årsak til den falske brannalarmen. For tida er det ein del vegarbeid i nærleiken, arbeid som også krev omlegging av vass- og kloakkleidningar.