Klokka 22.16 fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at det hadde kome store vassmengder inn i kraftverkstunnelen ved Kjøsnesfjorden i Jølster.

— Det var først frykta for at det var folk inne i tunnelen. Men dei fem arbeidarane har kome på plass og vi har situasjonen under kontroll, seier operasjonsleiar Kjell Biesmans i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei fem arbeidarane heldt på å arbeide i tunnelen, men vart ikkje ramma av vatnet.

— Det kunne ha vore farleg, seier Biesmans.

Dei store nedbørsmengdene er årsaka til uhellet. Det renn ei stri elv ut av tunnelåpningen, ifølgje ein person på staden. Det er tett regnver i området, og uråd å ta seg inn igjen i tunnelen.

Kraftverket tar no hand om situasjonen.