Det er påskestemning ved Vassbygdvatnet. Frå glitrande kvite fjell heng snøskavlar som ustelt hakeskjegg. Bekkefar som ein gong lurte seg utanom kraftutbyggjarens tunnelnett, har danna små isslott i fjellsidene. Liene og urene rundt vatnet ligg snøfrie og tørre. I elveosen står vatnet krystallklart, stilt og kaldt.

For kaldt Etter kraftutbygginga på 1970-talet har snittemperaturen i elva på vår— og sommarstid gått ned fleire grader. Det kalde vatnet tek livet av fisk.

– Vatnet er så kaldt at lakseyngelen ikkje overlever. Dette har vore situasjonen i mange år. Sjøauren er meir robust, men no ser vi også at det er kritisk for den stammen, seier leiaren i elveeigarlaget, Bjørn Vike.

Kald tunnel I andre enden av vatnet, inne i fjellet ved Vassbygdi, ligg den største av dei seks kraftstasjonane i Aurlandsvassdraget. Frå stor høgde i fjellområda rasar vatnet gjennom tunnelar ned til veldige turbinar i Aurland I, den fjerde største kraftstasjonen i landet. Her blir det produsert kraft til å forsyne meir enn 100.000 husstandar. Frå Aurland I blir fjellvatnet sendt rett ut i Vassbygdvatnet.

Der vatnet før snirkla seg fram over grus og sva og blei varma av sola, går det no like mange høgdemeter i rasande fart i ein kald tunnel.

Det gjer at Vassbygdvatnet har blitt langt kaldare enn det var. Det same har sjølvsagt skjedd i elva nedanfor, der laksen grev sine groper for at nye generasjonar skal finne tilbake til same elva i gyteklar alder.

Kople saman tunnelar Frå osen i Vassbygdvatnet går det frå før ein tunnel ned til Vangen kraftstasjon ved fjorden. No ønskjer elveeigarar og sportsfiskarar å byggje denne tunnelen vidare på sørsida av vatnet.

– Vi meiner en slik tunnel vil vere ein vinn-vinnsituasjon, seier Vike.

Planen er at det kalde vatnet skal gå i ein samanhengande tunnel, og ikkje bli ført inn i vassdraget i det heile. Temperaturen vil gå opp, og dermed trur elveeigarane levekåra vil bli betre for fisken.

– Denne tunnelen vil kunne tilbakeføre elva mykje til slik ho var før kraftutbygginga tok til, seier Bjørn Vike.

Elveeigarane samarbeider med regulanten E-Co og Direktoratet for naturforvaltning. Tunnelen vil bli kring 1,3 kilometer lang, og kostnaden kan bli 30-40 millionar kroner.

Meir kraftproduksjon Det meiner fiskeinteressene vil bli ei gunstig investering for vasskraftprodusenten E-Co. Elveeigarane i Lærdal kan nemleg nekte E-Co å køyre Vangen kraftstasjon i sommarmånadene. Noko dei også har gjort siste åra, fordi det er påvist at store mengder fisk går inn og blir drepne i tunnelen frå osen i Vassbygdvatnet til Vangen kraftstasjon.

– Ein samanhengande tunnel vil eliminere denne faren. E-Co kan få køyre Vangen kraftstasjon heile sommaren, seier Vike.

Sportsfiskarar engasjerer seg no for å berge vassdraget. Ein av dei, ingeniør Bjarne Meel, har gjort fleire utrekningar av økonomien i prosjektet:

– Alle alternativ eg har rekna på viser at ein slik tunnel vil gje god inntening for produsenten, seier han.

HEIDI HATTESTEIN