Rådmannen i det økonomisk hardt pressa heradet leitar med lys og lykte etter innsparingar på 2009-budsjettet.

Mankoen er på 31 millionar kroner. Han tek 14 millionar frå oppsparte fond, og vil kutta 17 millionar på drifta.

Han meiner det er 1,3 millionar kroner å spara på å la det nye symjebassenget stå tomt heile det første året. I staden vil han la vera å tappa vatnet or det vesle bassenget i gamleskulen.

Reknekunst

— Dette er så nytt at korkje skulen eller foreldra har fått tid til å reagera, men vi ynskjer veldig sterkt at bassenget skal takast i bruk så snart det er ferdig, seier rektor Olaug Væland.

— Det er nok intensjonen hjå dei som sit med pengesekken også, sjølv om dei har heilskapen i heradsøkonomien å ta omsyn til, legg ho til.

Ho fortel at dei første reaksjonane blant bygdefolket, er at rådmannen kan ha rekna feil.

— Det nye bassenget er rett nok ein god del større enn det gamle, men vatnet skal oppvarmast med varmepumpe frå sjøen. Det same anlegget skal gje varme til skulen og idrettshallen, fortel rektor.

— Dette er rimeleg nytt for meg også, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold.

Ho vil lesa litt meir i det omfangsrike dokumentet før ho kommenterer enkeltpostar.

— Her er framlegg om mange smertelege kutt, men vi treng ein pustepause, seier ordføraren som argumenterte med heradsøkonomien då ho braut partiprogrammet og røysta mot ungdomsskular i Norheimsund og Ålvik.

Dundrande underskot

— Vi går mot eit underskot på 30 millionar kroner i år, og rådmannen mangla 31 millionar kroner på budsjettbalanse for neste år, poengterer ho.

Ordførar Selsvold er samd med rådmannen i at Kvam har høg standard på kommunale tilbod i utgangspunktet, samanlikna med herada rundt. Det kan vera fornuftig å ta ein del innsparingar neste år, sidan rådmannen trur på lettare tider frå 2010. Då kjem det årleg inn 15 millionar kroner i eigedomsskatt, om rådmannen får viljen sin. Her kan det bli tøffe tak i heradsstyret, trur Selsvold.

Rådmannen ser også framtidsinntekter ved kraftutbygging i Fosseelva og Øysteseelva.

Korleis meiner du striden i Kvam kan løysast? Legg inn dine kommentarar under!