Det er tett mellom dei nystarta bedriftene i Høyanger. Sjølv om arbeidskrafta manglar, går pilene oppover for omstillingskommunen i Sogn. Men situasjonen i kommuneøkonomien er av ein anna kaliber, viser ein rapport frå Sogn og Fjordane revisjon.

  • Underskot gjennom sju år fram til 2005.
  • Urealistiske budsjett. Kommunen har ikkje brukt fjorårets reviderte budsjett under nye budsjettprosessar.
  • Dei budsjetterte inntektene har vore for optimistiske, medan utgiftspostane har vore for små.
  • Dårleg kommunikasjon mellom leiinga og etatane. Informasjon frå etatane kjem ikkje vidare til kommunestyret, som skal vedta budsjettet.

Stabilt sidan 1976

— Desse feila går igjen. Det er ikkje berre tilfeldige feiltrinn vi ser her, seier forvaltningsrevisor Sven Erik Visby i Sogn og Fjordane revisjon. Bak selskapet står fylket og fleire kommunar som eigarar.

I kommunestyret har Ap reint fleirtal. Signy Nyland frå Lavik samlingsliste meiner Høyanger blir styrt totalitært.

— Eg er så glad for denne rapporten. Gjelda har berre vakse, men likevel har vi brukt pengar på ting som ikkje er primære, seier Nyland. Ho legg skulda på to personar, rådmann Arvid Lillehauge og ordførar Longva. Lillehauge sat som ordførar frå 1976 til 1991, då han vart tilsett som rådmann. Longva har vore ordførar sidan 1993 og står igjen som listetopp til haustens kommuneval.

— Då vi fekk denne rapporten, utarbeidde rådmannen eit vedtak i hui og hast for å sleppe å bli angripen. Ingenting i denne kommunen får konsekvensar, meiner Nyland.

Også gruppeleiar for Høgre, Oddvar Østerbø, er provosert over leiinga.

— Det har ikkje vore full styring på økonomien dei siste periodane, seier Østerbø. I formannskapet sit han som einsleg opposisjonssvale blant fire frå Ap.

Kommunestyret har no bedt, etter rådmannens eige forslag, administrasjonen om å rydde opp.

- Ikkje one man-show

Ordførar Kjartan Longva syns ikkje det er så mykje å seie om rapporten.

— Dette er tilstandar to år tilbake i tid. Vi er i rute no, seier Longva. I fjor gjekk kommunen med eit overskot på fire millionar. Høyanger har i fleire år stått på Robek-lista - og må difor få fylkesmannen si velsigning av budsjett og rekneskap.

— Men vi vil sjølvsagt følgje opp dei forslaga vi har fått frå revisjonen, seier Longva, som ikkje syns det er problematisk at både han og rådmannen har sete lenge.

— Dette er ikkje noko one man-show, seier Longva.

BT har ikkje lukkast med å kome i kontakt med rådmann Arvid Lillehauge.

Badeglede i badeland

Trass trong økonomi, har Høyanger kommune spytta inn aksjekapital i fleire av dei nystarta bedriftene. Også Høyangerbadet, til rundt 75 millionar kroner, har kommunen tatt seg råd til.

Medan utetemperaturane held seg stabilt utrivelege, er aktiviteten i Høyangerbadet stor. Men det er langt mellom dei badande i dei fem fjermvarmeoppheta bassenga når BT er på besøk. Faktisk er Rune Breidvik og sønene Thomas (8) og Bernhard (5) dei einaste.

— Frå ein økonomisk ståstad er det kanskje ikkje så bra å byggje så dyrt. Men når det først har kome, er det veldig bra. Vi er her mykje, seier Breidvik.

Alternativet til å byggje det nye badelandet, var å oppjustere det gamle symjebassenget. Det ville ha kosta rundt halvparten.

SVØMMEFØTTER: Høyangerbadet har raskt blitt populært etter at det opna i fjor. Men blant alle besøkjande var det berre ein familie frå Høyanger som var på plass torsdag ettermiddag. Bernhard (5) morar seg ved det 28 grader varme utebassenget saman med far Rune Breidvik.
FRAMTIDSVISJONAR: Gamle opplysingar. Eg ser heller framover, seier ordførar Kjartan Longva i Høyanger kommune.
SKUFFA: I Høyanger har Arbeiderpartiet reint fleirtal i kommunestyret. Signy Nyland frå Samlingslista er lei av over maktarrogansen.