Eit biluhell i 1996 resulterte i langvarige smerter som gjorde at ho måtte gi avkall på deltidsjobben som vaskehjelp.

Vesta meiner at skaden ikkje var så stor at det utløyser erstatning i det heile.

Tingretten avviser kravet om 85.000 kroner i meinerstatning, men dømer Vesta til å betala 46-åringen 50.000 kroner for tap av inntekt dei siste tre åra, 120.000 kroner for tap av framtidig ervervsevne, og 25.000 kroner til dekking av framtidige utgifter.

I alt var erstatningskravet på rundt 1,2 millionar kroner.