No vert den temperamentsfulle fotballspelaren utestengd frå resten av kampane denne sesongen.

— Handlinga er på grensa til grotesk, og denne spelaren får den strengaste straffa vi har gitt i fotballkrinsen, seier leiar i disiplinærkomiteen i fotballkrinsen, Dagfinn Lauritsen, til avisa Firda.

Episoden skjedde midt på bana, utan at ballen var i nærleiken, under oppgjeret mellom dei to laga førre onsdag.

Spelaren på Askvoll/Holmedal gjekk rett i bakken etter slaget, og måtte forlate bana i heller groggy tilstand. Disiplinærkomiteen i Sogn og Fjordane fotballkrins meiner det ikkje finst formildande omstende i saka.