No har Fjordane tingrett kvittert med å ilegge 29-åringen av utanlandsk herkomst ei bot på 2.500 kroner for brot på drukkenskapslova.

Tumultane oppstod utanfor utestaden Windjammer i Florø 16. mai i fjor. Da politiet kom til staden, hadde 29-åringen allerieie fått slaget og ville ikkje fjerne seg på oppfordring frå politiet. Dermed vart han lagt i jarn, og oppførte seg ifølgje politivitna både aggressivt og høgrøsta.

Sjølv opplevde mannen det som djupt urettferdig å først bli utsett for ei straffbar handling i form av slag i ansiktet, for deretter å bli arrestert når politiet kom til staden. I retten hevda 29-åringen at politifolka forklarte seg feil i sine vitnemål, men utan å bli trudd. Dermed vart det både slag i ansiktet, pågriping og bot på toppen, ettersom retten meiner mannen har forstyrra «den alminnelige fred og forulempa andre».