RAGNHILD HOVEIRIK BREKKE (foto)Valestrandsfossen

Hjelpepleiarane Gunda Kallestad, Torill Birkelid, Astrid Elvik og barnevernspedagogen Liv Marie Stenvold hadde store forventningar då dei fekk arbeid i omsorgstenesta for psykisk utviklingshemma i Osterøy kommune i 1992.

Dei var fire engasjerte fagpersonar med visjonar og fagleg engasjement om korleis dei ville gjera livet betre for nokre av dei svakaste mellom oss. Med mange års røynsle frå Vestlandsheimen, visste dei kva utfordringar som låg framom dei når den nye reformen skulle setjast ut i livet

Skuffa Men dei vart sørgeleg skuffa. Etter seks år med frustrasjonar og vanskelege arbeidstilhøve, måtte dei søkja lege. Dei har sidan sidan vore langtidssjukemelde.

No har tre av dei vald å fortelja historia si i Bergens Tidende. Den fjerde, barnevernspedagog Liv Marie Stenvold, er for tida bortreist og var difor ikkje med på samtalen..

Dei fire kvinnene vart tilset i omsorgstenesta for å arbeida med bebuarane i bufellesskapa Peraplassen og Solplassen.

– Men vi fekk altfor liten tid i bustadane. I tillegg måtte vi også arbeida i kommunens heimeteneste, fortel dei tre.

Alle dei tilsette skulle rullera mellom bustadane og heimetenestene.

Stor påkjenning For bebuarane var det også ei stor påkjenning å flytta frå sentralinstitusjonane attende til heimekommunen. Dei fekk nytt husvære og nytt «arbeid» på Osterøy. Mangel på språk, sterk synshemming og liten emne til å gjera seg forstått, forsterka den vanskelege situasjonen. Bebuarane reagerte med angst, tilbaketrekking og uro på den nye kvardagen.

Omsorgsvikt – Den eine krisa avløyste den andre. Vi kjende det som omsorga aldri vart tilrettelagt godt nok for brukarane. Fleire gonger stod vi anlet til anlet overfor valet mellom omsorgsplikta vi hadde og omsorgssvikten det ville vera å følgja administrasjonens opplegg ved å la vera å gå inn i vanskane. Tenestene desse brukarane trong var vesentleg annleis enn teneste dei andre brukarane i heimetenesten hadde behov for. Dette seier også lova.

Kvinnene bad om hjelp fra leiinga og administrasjonen, men meiner dei aldri var høyrt.

– I staden for støtte og rettleiing, oppstod det motsetningar mellom oss og arbeidsgjevaren vår. Når vi meinte vi gjorde ein fagleg og ansvarleg jobb, vart vi møtt med motstand og ulike signal om at vi sløste med ressursar.

– Vi vart oppfatta som plagsamme, sjølv då vi viste til lovverket som påla oss eit særleg ansvar for å formidla situasjonen og behovet hjå brukarane. Det same gjaldt kravet til brukaranes rettstryggleik, seier dei.

Etter lang kamp klarte personalet å hjelpa bebuarane på Peraplassen og Solplassen slik at livssituasjonen deira vart betra. Turnusen vart lagt om slik at dei fire fekk meir tid til å vera saman med bebuarane. I tillegg fekk også bebuarane annan fagleg hjelp som gjorde kvardagen deira lettare.

Men prisen vart høg.

I løpet av hausten 1997 og vinteren 1998 orka ingen av dei fire tilsette meir.

– Vi vart sjukmelde og seinare fjerna frå bufellesskapa utan grunngjeving, fortel dei.

Kvinnene har prøvd ved ulike høve – både gjennom fagforeininga, lege og også eigen advokat – få i stand ordningar slik at dei kan koma attende på jobb. Men til no har ingenting lykkast.

Passar ikkje saman – Vi kan ikkje koma attende til Peraplassen og Solplassen fordi arbeidet er omorganisert. Boligane eksisterer ikkje lenger som arbeidsplassar fordi dei på nytt er integrert i heimetenesten. Korleis dei psykiske utviklingshemmas rettstryggleik skal ivaretakast i den nye organiseringa får vi ikkje svar på. Men vi oppnår ikkje dialog om tilrettelegging av arbeidet.

No kjenner kvinnene framtida som svært uviss.

Gunda Kallestad seier det slik:

– Dei seier at tida lekjer alle sår. Men eg er uviss på om eg nokon gong vert sterk nok til å venda attende i dette arbeidet. I staden har eg begynt å lesa pedagogikk.