Det er avisa Firda som i dag fortel gladhistoria om jenta som skulle til Florø sentrum saman med venninna. 11-åringen hadde lova mora å ikkje kjøpa snop for vekepengane.

I staden kjøpte ho eit skrapelodd og vann ein million kroner.

Då ho nokre timar seinare ringde heim til mor si, trudde ikkje mora på henne.

— Eg trudde ho berre ville ha meg inn til sentrum for å få skyss heim, fortel mora til Firda.

Først visste ikkje 11-åringen kva ho då skulle gjera, men etter ei tid trefte dei mora til venninna. Først då trudde mora på storgevinsten til 11-åringen.

Laurdagssnop vart det og på den heldige 11-åringen, som gjorde som mora sa.