— Hadde eg fått ei forklaring, skulle eg akseptert det. Men eg fekk aldri eit skikkeleg svar, berre blankt avslag, seier Ravndal til Bergens Tidende.

Den handikappa Førde-mannen var lova ein fysisk test for å avgjere om kan kunne hoppe. Testen blei aldri noko av.

— Eg såg med ein gong at han ikkje var sterk nok fysisk, seier tandempilot Fred Bratland.

— Korleis kan han vite det, berre ved å sjå på meg?, er spørsmålet Ravndal stiller tilbake.

Fødselsdagspresang

Otto Ravndal har celebral parese og sit i rullestol. Trass handikappet er han yrkessjåfør. Med ein bil spesialutstyrt for funksjonshemma, køyrer han rundt heile Sør-Norge på oppdrag.

I mai fylte Otto år. Frå sambuar Kirsti Solheim fekk han eit tandemhopp med fallskjerm. Sambuaren jobbar på Hjelpemiddelsentralen i Førde, og var nøye med å forklare Ottos funksjonshemming då ho kontakta Voss Fallskjermklubb. Tilbakemeldinga var at dei ikkje kunne gje garantiar om hopping. Men Otto kunne komme til Bømoen, ta fysiske prøver og deretter få svar.

Siste fredagen i juni skulle det skje. Tidleg om morgonen sette Otto og sambuaren seg i bilen i Førde for å rekke til Voss til avtalt tidspunkt, klokka 11.00.

- Er det han?

Etter å ha venta ein times tid, kom fallskjermhopparen. - Er det han som skal hoppe? Det går ikkje, var meldinga. Ikkje til Otto, men til sambuar Kirsti.

— Han ville ikkje snakke med meg. Han vende seg heile tida til Kirsti, seier Otto Ravndal.

Sambuaren stadfestar historia:

— Fallskjermhopparen sette seg på huk framfor meg, og sa at dette går ikkje. Otto spurde om ting, men fekk ikkje respons. Han vende seg til meg heile tida, fortel Kirsti Solheim.

- Såg det straks

— Eg såg straks at dette ikkje ville gå. I eit tandemhopp er det kroppsstillingar som det krevst ein viss fysisk styrke for å gjennomføre. Vi har strenge krav til sikkerheit, og det baserte eg avgjerda på. Korkje for han eller meg ville det vore trygt å gjennomføre hoppet. Det forklarte eg, seier tandempilot Fred Bratland.

— Men fallskjermklubben hadde lova han ein fysisk test?

— Det var ingen vits. Han sat i rullestol. Eg såg straks at dette ikkje kunne gå. Dei fekk tilbod om ein flytur i staden, men eg fekk aldri svar. Tilbodet står framleis ved lag, seier Bratland, som ikkje kan sjå at han gjorde noko gale.

Uakseptabelt

Korkje Otto Ravndal eller sambuar Kirsti Solheim aksepterer måten avslaget skjedde på.

— Ingen kan seie noko om ein funksjonshemmas fysiske tilstand berre ved å sjå på han, seier Kirsti Solheim, som arbeider med funksjonshemma ved Hjelpemiddelsentralen i Førde.

— Det verste var måten eg blei behandla på. Vi brukte ein heil arbeidsdag på å reise til Voss. Det eg sat att med var kjensla av at eg var dum i hovudet, seier Otto.

«URETTFERDIG»: - Hadde eg fått ei skikkeleg forklaring, skulle eg akseptert at eg ikkje fekk hoppe, seier Otto Ravndal. FOTO: ODDLEIV APNESETH