— Ein kan ikkje slutta med alt som er moro, berre fordi ein er blitt millionær, seier Hans, og får full oppslutnad frå sambuar Sigvor Kvamme Audestad (72). Ein ny bil er der einaste Hans har bestemt seg for å kjøpa for Lotto-gevinsten. Den fem år gamle Mazda'en er grei nok den, men har gått ein god del kilometer.- Blir det Mercedes eller Lotus denne gongen?- Nei, det blir nok ein ny av same sorten. Servicen hjå Langeland Auto er framifrå, så det er ingen grunn til å byta forhandlar. Vi treng ikkje større bil, og kjøper ikkje bil for andre, resonnerer Hans. Laga raspekaker Vi finn han i kjøkenet i den raudmåla stova ved enden av Oppheimsvatnet. Ermane er oppbretta, og den nyslåtte millionæren står og skreller poteter. - Dotra mi kjem opp frå Os, så vi må ha skikkeleg middag i dag. Og sidan der er torsdag, må det bli raspekaker, forklarer SigvorDen tidlegare kokka på Framnes Kursted køyrer same stilen heime som på storkjøken; ho kokar, andre får ta seg av potetskrellinga og oppvasken. I heimen betyr det Hans.Vitjinga frå Os var avtalt i god tid, og Janne Gro vart litt skeptisk på å koma deisande med familen sin då ho høyrde at stefaren brått vart millionær.- Ingen fare, vi er nett dei same som før, kunne Sigvor forsikre. To Lotto-millionærar Hans og Sigvor er reine solskinnshistoria frå Framnes. Dit kom Hans frå Mo i Rana i 1979 for å få bukt med alkoholproblemet sitt. Det greidde han med glans. I tillegg forelska han seg i enka som laga maten på institusjonen. No bur dei i ei gamalt, men velhalde stovehus som oldefaren hennar bygde i Haugsvik, i den andre enden av Oppheimsvatnet.Institusjonen på Framnes kan faktisk skilta med to Lotto-millionærar frå før.Hans brukar om lag 200 kroner i veka på Lotto og andre spel. Han leverer ei fast rekke, som han fleire gonger har vunne smågevinstar på, som regel 35-40 kroner, ein gong 270.Den faste rekka gjekk ikkje inn denne gongen. Det gjorde derimot ei rekke som Janne Hjørnevik på Vossestrand Handelslag henta fram på datamaskina.- Eg hadde ikkje fått tid til å sjekka kupongen før dei ringde frå Hamar, fortel millionæren. «Gullrekka» Og sant nok: på den aller nedste av 10 rekker stod dei same magiske tala som på tekst-TV: 3-17-27-33-44-45.De var ikkje lenger nokon tvil. Saman med ein dansk spelar hadde han delt førestepremiepotten. Av over sju millionar innleverte rekker var berre desse to heilt rette. Det gav 2.181.553 kroner til kvar.- Det var litt vanskeleg å få sova om natta, og i halv eitt-tida var vi inne på tanken om å koka kaffi, men så kom søvnen likevel, fortel paret i Haugsvik.Første punkt på programmet i går, var å køyra til Vinje og senda vinnarbongen gjennom datamaskina på Handelslaget. Så vart det levert ein ny bong på 90 kroner til neste trekning. Så vart det ringt til Vekselbanken for å avtala tid for økonomisk rådgjeving.- Synd at min gamle rådgjevar Jørgen Nesthus er blitt pensjonist, seier Hans. Dermed er det sonen til gamlebanksjef Gjerde som får prøva seg.Millionane vart neppe bortspela på bingo i Lekvemoen i går kveld.