— Då eg kjende lukta, tenkte eg at det anten måtte vere brann, eller at nokon brende bråte i bakgarden. Det siste var jo ikkje særleg sannsynleg midt på natta, seier NHH-studenten.

Han sat saman med to andre i hybelkollektivet i Sverres gate 12 og såg på TV då det tok til å brenne i nabohuset natt til laurdag.

— Eg gjekk bort til vindauget. Der såg eg at det slo ein liten flamme ut av veggen i andre etasje i nummer 10, seier Nilsen.

Brannen vart varsla klokka 03.10. Brannvesenet rykte ut med alle tilgjengelege mannskap. Klokka 05.02 melde dei at brannen var under kontroll.

Nyrenoverte

Laurdag formiddag var han attende utanfor brannstaden, der han venta på å sleppe inn på hybelen for å hente ein del saker og sjå på skadane.

Nilsen og dei andre i huset kom seg ut utan dramatikk etter at brannen var oppdaga, men brannvesenet greidde ikkje å hindre at brannen i Sverres gt. 10 spreidde seg til lofta både i nr. 12, 8 og 6.

Det var berre i nr. 12 at det budde folk. Dei tre husa andre var nyrenovert, men ennå ikkje tatt i bruk.

— Vi trudde dei skulle greie å sløkke brannen raskt. Eg tok difor ikkje med meg noko ut. Vi opplevde det som relativt udramatisk, seier juss-student Vidar Riksfjord (22), som bur saman med Nilsen.

Etterforskinga i gang

I alt vart 25 personar vart evakuert. Dei vart frakta til Rådhuset, der kommunen oppretta ei varmestove. Ut på morgonkvisten fekk dei som hadde behov for det tilbod om å flytte inn på SAS-hotellet på Bryggen.

I formiddag vart fleire bilar taua vekk og fortauet sperra av på grunn av fare for takstein som kunne falle ned. Dei ramma husa har alle fått brann-, røyk og vass-skader i dei øvste etasjane.

Branntekniske etterforskarar frå politiet byrja i formiddag arbeidet med å leite etter brannårsaka.

FOTO: ØRJAN DEISZ
ØRJAN DEISZ
FULL FYR: Brannen gjekk frå hus til hus på taket. FOTO: RUNE NIELSEN