Både Norges Offisersforbund (NOF) og Befalets Fellesorganisasjon (BFO) har henta inn juridisk ekspertise for å vurdere kva dei skal gjere vidare med varslingssaka i Marinejegerkommandoen (MJK) ved Haakonsvern. I går var det møte på toppnivå i lokala til Forsvarsdepartementet: Forbundsleiarane i BFO og NOF møtte sjefen for embetsverket i Forsvarsdepartementet, departementsråd Erik Lund-Isaksen, for å drøfte konflikten.

Bakgrunnen var påstandane om at tillitsvalde i MJK vart truga med telefonavlytting av sin eigen sjef i Forsvarsstaben. Konflikten er vorte kraftig forverra av at Forsvarsdepartementet offentleggjorde brevet frå dei tillitsvalde, etter at brevet først hadde leke ut i media.

Ventar på advokat-vurdering

— Vi gjekk i gjennom kva som har hendt, og vegen vidare. Vi må nå studere den juridiske vurderinga frå advokatane våre, og diskutere saka med dei tillitsvalde i Bergen, før vi bestemmer kva vi gjer vidare, seier Egil Andre Aas, forbundsleiar i NOF.

Det er særleg departementets offentleggjering av varslingsbrevet som har sett sinna i kok.

— Det går an å tenkje seg fleire alternativ vidare: Både ei rettsleg stemning av Forsvarsdepartementet og anmeldelse kan vere aktuelt. Men først må vi få klarlagt det juridiske, seier forbundsleiar Aas i NOF.

Hadde form som eit varsel

Både NOF og BFO meiner e-posten som dei tillitsvalde marinejegerane sende til forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) var eit varslingsbrev. Varslarar har krav på anonymitet, ifølgje Forsvarets eigne varslingsreglar.

— E-posten hadde form som eit varsel, og var meint som eit varsel. Og statsråden var klar over innhaldet, anten ho las alle vedlegga eller ikkje. Der står saka, seier forbundsleiar Eivind Solberg i BFO. Også BFO har innhenta råd frå advokatar, ifølgje Solberg.

Når det gjeld spørsmålet om brigader Hanevik faktisk truga med telefonavlytting, er både Solberg og Aas innstilt på å avvente den interne granskinga i departementet. Men uansett meiner dei departementet braut grunnleggjande reglar ved å offentleggjere brevet frå dei tillitsvalde til statsråden.

— Dette handlar om tilliten til heile varslingsinstituttet i Forsvaret, seier NOF-leiar Aas.

Granskingsresultat snart klart

Departementsråden sa til TV 2 sist veke at dei MJK-tillitsvalde måtte rekne med at brevet ville bli offentleg tilgjengeleg, fordi dei ikkje varsla via Forsvarets interne varslingskanal, men gjennom eit brev direkte til statsråden. Samtidig har departementet oppretta ei varslingssak på grunnlag av brevet. Konklusjonane frå granskinga er venta ein av dei første dagane.

Forsvarsdepartementet ville i går ikkje kommentere møtet mellom departementsråd Lund-Isaksen og forbundsleiarane.

— Det stemmer at det har vore eit møte i dag, der departementsråden snakka med NOF og BFO om varslingssaka. Vi ønskjer ikkje å gå meir konkret inn på drøftingane, seier seniorrådgjevar Eskil Grendahl Sivertsen i forsvarsdepartementet.