• Her ligg det an til krig, proklamerer verten på Halne Fjellstove, Anders Vaksdal.

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnelen presenterte i dag planane for omlegging av riksveg 7 over høgfjellet. Dei vil ha ny veg langt unna fjellstovene som ligg langs den noverande.

Borgarkrig

Blir det krig, så blir det borgarkrig, for alle medlemer av interesseselskapet for vegen over Hardangervidda (IS Rv7) er vener av Hardangerbrua. No er dei usamde om vegen vidare — mot Oslo.

— No gnir dei seg i hendene, alle som arbeider for konkurrerande vegar, seier Eidfjord sin utsending, Ola B. Hereid.

Han signaliserer at Eidfjord vil halda på den gamle planen om tre-fire tunnelar langs noverande veg. Dei vil gjera kolonnekøyring greiare og tryggare enn i dag, og reinsdyra kan ferdast fritt over tunneltaka.

Laglegare

Både kolonnekøyring og fri ferdsel for reinsdyr blir enda betre ivareteke i framlegget om ein lang tunnel - på 15 kilometer. Høgste punkt over havet vert redusert med 250 meter og veglengda med 11-12 kilometer. Det blir mindre klatring for tungtrafikken.

Direktør Rasmus Sandnes ved Dr. Holms Hotel på Geilo går inn for den nye planen. Han seier at Hallingdal er i ferd med å tapa turisttrafikk til andre regionar som har betre kommunikasjonar. Bergensområdet blir stadig viktigare for Hallingdal, heile året, seier Sandal.

Brupengar

Sverre Kleivkås, kjend som morellsteinspyttaren i Hardanger, har stilt seg i spissen for Aksjon Hardangerviddatunnelen. Han seier at prosjektet kan delfinansierast ved lengre bompengeperiode for Hardangerbrua. Bondevik-regjeringa ville finansiera dei korte tunnelane på denne måten, men det vart stroke då brua vart vedteken.

Ivar Arne Lid frå Geilo har vore pådrivar for det nye prosjektet. Han går inn som nestleiar for aksjonen.

Strategi

Bøygen er at heile det nye prosjektet må inn i Nasjonal Transportplan i ein jafs, medan dei såkalla miljøtunnelane langs noverande veg kan lirkast på plass ein etter ein.

— Er det politisk mogeleg å jobba gjennom ein ny veg på tre mil, undrast Ål-ordførar Torleif Dalseide.

Dessutan er det ein ulempe at viktigaste trafikkflyten vert flytta bort frå næringsverksemdene på Vidda, og at ein får to vegar å ha omsut for. Kven skal brøyta gamlevegen, og til kva tid? undrast Vaksdal.

Må semjast

Dagens årsmøtet i IS Rv7 på Geilo gav seg sjølv frist til eit ekstraordinært årsmøte innunder jul til å avklara situasjonen.

— Dryger vi for lenge, kan andre prosjekt få overtaket, seier fylkespolitikar Einar Lutro, som også er styreleiar i Hardangerbrua AS.

— Vi må avklara standpunktet, og tala med ei tunge, formante styreleiar Erik Kaupang, ordførar i Hol.

Kommunar og fylkeskommunar som er medlemer i selskapet, får saka oversendt, og blir bedne om å bestemma kva for alternativ dei vil gå inn for. Det er lite realistisk å få dette til før ferien.

STOR OMLEGGING: Kartet viser «miljøtunnelar» langs dagens riksveg 7, og den nye ideen med 30 km ny veg, derav 15 kilometer i tunnel. Vegen er teikna på søraustsida av Sysenvatnet, men det er no minst like aktuelt å gå på nordsida.