I eit brev til Direktoratet for naturforvaltning varslar departementet at dei vil til Veitastrond i Luster, før dei tek stilling til den kontroversielle søknaden om helikopterbasert turistflyging. Departementet meiner det er nødvendig å sjå området som er sett av til helikopterlandingsplass i fjellheimen. Dato for synfaringa er ikkje sett, men det blir truleg i løpet av sommarhalvåret.

Det er Veitastrond Bygdalag som står bak planane, som inkluderer ein restaurant på toppen der turistane skal trakterast.

Helikopterprosjektet har vandra fram og tilbake i byråkratiet like sidan ideen blei unnfanga i 1995. Også tidlegare miljøvernministrar har hatt saka på sitt bord. Kvar gong har det enda med avslag for initiativtakarane i Veitastrond.

Men det var søknader der helikopterlandingsplassen var plassert på sjølve den majestetiske fjelltoppen, innanfor grensene til Jostedalsbreen nasjonalpark. No har veitastrendingane flytta landingsplassen nokre hundre meter, slik at han ligg nett utanfor nasjonalparkgrensa. Det er grunnen til at saka har kome opp att.

Luftfartstilsynet har velsigna tiltaket. I ein periode på ti år framover, skal bygdelaget få flyge 4000 turar til og frå fjelltoppen kvart år. Tilsynet la mellom anna vekt på at prosjektet kan vere med på å sikre busetnaden i bygda.