Årsaka er at kommunen tidlegare i vår kravde stopp i arbeidet på ei ny hytte Nilsen vil byggje på sin eigedom. Dette gjorde kommunen trass i at hytta er godkjend i forhold til den gjeldande reguleringsplanen for området, og at det er gitt byggjeløyve.

— Trugslane om å gå til sak tek eg med ei stor klype salt, kommenterer ordførar Trude Brosvik.

Advokatfirmaet Wikborg, Rein & Co representerer eigaren av den sørlegaste delen av Skjerjehamn. Dei meiner Gulen kommune ikkje har heimel til å stoppe arbeidet, og varslar erstatningskrav dersom byggjestoppen ikkje blir oppheva.

Rådmann Harald Haugejorden avviser at dei manglar lovgrunnlag for å stoppe hyttebygget.

— Ein kommune har rett til å sjå til at reguleringsplanar blir etterlevde, seier Haugejorden.