KRISTINE HOLMELID JØRN-ARNE TOMASGARD

— Regjeringa er samla i denne saka, seier Arne Lyngstad (KrF), medlem i Kyrkje-, Utdannings- og forskingskomiteen (KUF-komiteen) på Stortinget.

Parlamentarisk leiar i Venstre, Trine Skei Grande, stadfestar dette overfor Bergens Tidende. Samstundes er det klart at Frp vil støtte regjeringa og sikre politisk fleirtal for å fjerne sidemålseksamen. Berre politisk press og hestehandel kan no redde eksamen i sidemål.

Lovar kamp

— Dette er eit lite skritt i riktig retning, jublar Unge Høgre, som har engasjert seg sterkt i kampen mot sidemålet.

— Kristin Clemet burde gått enno lenger, og gjort sidemålet valfritt, seier første nestleiar i Unge Høgre, Torbjørn Røe Isaksen.

— Dette er svært alvorleg, og ei klar svekking av nynorsken. Vi vil gjere alt vi kan for at ikkje dette skal skje, seier leiar Endre Brunstad i Noregs Mållag.

Utdanningsminister Kristin Clemet føreslo onsdag å fjerne skriftleg sidemålseksamen i grunnskulen. I vidaregåande skule er forslaget at dette skal vere trekkfag, altså at ein del av elevane kan bli trekte ut til å ha eksamen i faget. I dag blir stortingsmeldinga lagt fram, før sommarferien skal Stortinget ta ei avgjerd.

— No blir det krig i Stortinget. Å fjerne eksamen er eit klart signal frå regjeringa om at sidemålet ikkje er så viktig. Regjeringa legg stor vekt på prestasjonar og prøver i skulen. Kvifor skal då eksamen plutseleg takast vekk i sidemål, spør Rune Skjælaaen (Sp), medlem i KUF-komiteen.

- Alvorleg åtak

Målsaka er kjend for å ha steile frontar og heftig debatt. Striden om sidemålsundervisninga blir gjerne ein strid om nynorsken, sidan 90 prosent av elevane har nynorsk som sidemål.

— Forslaget er eit alvorleg åtak på sidemålet. Dette er eit forhasta arbeid, og kan føre til at sidemålet blir lagt vekk i ein krok i norskfaget. Det vil utan tvil gå ut over nynorsken, seier leiaren i Noregs Mållag.

Han ser på forslaget om å fjerne sidemålseksamen som første ledd i ein kamp for å fjerne sidemålet. I 2007 er det 100 år sidan sidemålsstilen blei innført i den norske skulen.

— Vi er kampklare og skal på alle mogelege måtar gjere politikarane merksame på kva dei no er i ferd med å gjere, seier Brunstad.

— Mållaget er ekstremt reaksjonære og gammaldagse. Målet må vere å sørgje for at dei som faktisk brukar nynorsk, gjer dette godt. Og ikkje tvinge mange til å bruke eit språk dei ikkje ser nytten i, seier nestleiaren i Unge Høgre.

— Det er poenglaust og ekstremt vanskeleg å uttrykke seg like godt i to språk. Men vi er einige i at norskfaget skal innehalde litteratur og historie frå begge målføre, seier nestleiaren i Unge Høgre.