Varslar fare for kystkatastrofe
Direktoratet for Naturforvaltning (DN) meiner dei store mengdene lakselus kan skape ein økologisk katastrofe langs norskekysten.
Bilder
- Publisert: 31.des.2009 06:00
- Oppdatert: 31.des.2009 08:31
- Situasjon er slik at det kan få dramatiske følgjer både for villaksen og oppdrettsnæringa. Vi står overfor ein av dei største katastrofane vi har sett langs norskekysten, meiner seksjonssjef Raoul Bierach på artsavdelinga i DN.
Direktoratet slår no alarm om lakselusa. Situasjonen er så alvorleg at den norske villaksen kan bli utsletta, og det kan bli sett i verk omfattande nedslakting av oppdrettsfisk.
- I månadene framover må alle partar gjere alt dei kan. Det krevst ein formidabel innsats både frå faginstansar og næringa. Likevel er det neppe nok. Vi treng også ein god porsjon flaks om vi skal berge oss ut av dette, seier Bierach.
Russisk rulett
Undersøkingar i haust har synt store mengder lus både på villaks og
oppdrettsfisk. I tillegg har parasitten blitt svært motstandsdyktig mot dei
vanlegaste kjemiske lusemiddel som næringa har brukt i ei rekkje år. Stoff
som tidlegare tok knekken på lusa, verkar ikkje lenger.
Mattilsynet, som har ansvaret for helsa til norsk oppdrettsfisk, tok i haust sjølv til orde for at det kan bli aktuelt både med nedslakting av heile anlegg og samordna brakklegging av større område dersom situasjonen ikkje kjem under kontroll.
No går DN lenger. Lusenivået i oppdrett er no tre gonger høgare enn på same tid tidlegare år. Dei meiner store delar av den norske kyststrekninga er truga.
- Det som skjer på kysten er russisk rulett, seier Bierach.
Mangelfull overvaking
I eit brev til Mattilsynet gjer direktoratet det klart at det er behov for
ekstraordinær overvaking av parasitten det komande året. Dei vil ha eit
utvida overvakingsopplegg som kartlegg og dokumenterer lakseluspåslag på
laks og sjøaure, og evaluerer verknadene av tiltaka som no blir sett i verk.
Den eksisterande overvakinga dekkjer ikkje dette behovet.
- Relevante fagmiljø bør omgåande få i oppdrag å utarbeide framlegg til overvakingsprogram, heiter det i brevet.
Direktoratet skriv rett ut at dei meiner dagens overvaking av lakselus er man-gelfull.
- Undersøkingane konsentrerer seg om få plassar i korte periodar. Måten det blir gjort på fangar ikkje opp den aktuelle situasjonen, og heller ikkje effektane av tiltak som no blir sett i verk. Oppdrettarane veit ikkje korleis det står til med fisken i eigne merdar, Mattilsynet har ikkje noko totaloversyn over fiskehelsa og vi veit ikkje korleis det går med villaksen, seier Bierach.
Kaldt vatn
Seksjonssjefen meiner årsaka er at det har blitt brukt lite ressursar på
overva-king og forsking på lakselus.
- I DN er vi overraska over at det er brukt så lite pengar på ein sjukdom som er så alvorleg, og som vi har kjent til i så mange år. For oss er det tankevekkjande at det har blitt brukt langt meir midlar på å kjempe mot sjukdomar vi knapt har, som t.d. fugleinfluensa.
Direktoratet for Naturforvaltning meiner no både fiskeforvaltninga og næringa må gå saman om å finansiere dei ekstraordinære strakstiltaka.
- Likevel seier du dette ikkje er nok, det krevst ein god porsjon flaks. Korleis?
- Det beste vil vere kaldt vatn. Lakselusa trivst dårleg i kulde. Vi må håpe på ein vinter og vår med låge temperaturar, og stort tilsig av kaldt vatn til fjordane våre når villaksen skal vandre ut.
Bergens Tidende prøvde i går å få Mattilsynet i tale om signala som no kjem frå DN. Dei har ikkje fått handsama brevet, og vil av den grunn ikkje gje nokon kommentar før etter nyttår.
Søk i skattelistene Topplister
Fakta om lakselus
- Er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks, og det største sjukdomsproblemet i næringa.
- Festar seg til fisken og et slim, skinn og blod. Påfører fisken sår som gjer at det lett blir infeksjonar.
- Parasitten er vertsspesifikk, dvs. avhengig av laksefisk for å fullføre livssyklusen sin.
- Leppefisk (t.d. berggylte) som et lakselus er brukt i behandlinga. Også kjemikaliar (legemiddel) har vore vanleg. Parasitten har no blitt resistent (arveleg motstandsdyktig) mot dei fleste kjemiske behandlingsstoff.
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Thon-hotell stengt etter konkurs
- En stor overraskelse, sier investor Eirik Hokstad.
-
Trafikkulykke på E39
To biler kolliderte på E39 i Os kommune. Speilglatte veier søndag kveld.
Vegrapport
-
Rv 5
Sogndal - Fjærlandtunnelen
-
Rv 53
Tyin - Årdal
-
Rv 13
Odda - Jøsendal
-
Rv 52
Hemsedalsfjellet
-
Rv 50
Hol - Aurland
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 13:19 Klarte ikke å servere brus
- 13:14 Enklere å legge varme gulv
- 13:08 Putins parti svekket
- 12:58 «Jeg hørte bare et j.. smell»
- 12:47 Riverton-prisen til Tom Egeland
- 12:24 Mistenkelig mann pågrepet etter ran
- 11:47 Eliteseriens underskudd: 172,3 millioner
- 11:41 Jens får kutthjelp fra oven
- 11:19 I dag stiger strømprisen
- 11:11 UKEN fikk en ekstra K
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.



























































