— Situasjon er slik at det kan få dramatiske følgjer både for villaksen og oppdrettsnæringa. Vi står overfor ein av dei største katastrofane vi har sett langs norskekysten, meiner seksjonssjef Raoul Bierach på artsavdelinga i DN.

Direktoratet slår no alarm om lakselusa. Situasjonen er så alvorleg at den norske villaksen kan bli utsletta, og det kan bli sett i verk omfattande nedslakting av oppdrettsfisk.

— I månadene framover må alle partar gjere alt dei kan. Det krevst ein formidabel innsats både frå faginstansar og næringa. Likevel er det neppe nok. Vi treng også ein god porsjon flaks om vi skal berge oss ut av dette, seier Bierach.

Russisk rulett

Undersøkingar i haust har synt store mengder lus både på villaks og oppdrettsfisk. I tillegg har parasitten blitt svært motstandsdyktig mot dei vanlegaste kjemiske lusemiddel som næringa har brukt i ei rekkje år. Stoff som tidlegare tok knekken på lusa, verkar ikkje lenger.

Mattilsynet, som har ansvaret for helsa til norsk oppdrettsfisk, tok i haust sjølv til orde for at det kan bli aktuelt både med nedslakting av heile anlegg og samordna brakklegging av større område dersom situasjonen ikkje kjem under kontroll.

No går DN lenger. Lusenivået i oppdrett er no tre gonger høgare enn på same tid tidlegare år. Dei meiner store delar av den norske kyststrekninga er truga.

— Det som skjer på kysten er russisk rulett, seier Bierach.

Mangelfull overvaking

I eit brev til Mattilsynet gjer direktoratet det klart at det er behov for ekstraordinær overvaking av parasitten det komande året. Dei vil ha eit utvida overvakingsopplegg som kartlegg og dokumenterer lakseluspåslag på laks og sjøaure, og evaluerer verknadene av tiltaka som no blir sett i verk. Den eksisterande overvakinga dekkjer ikkje dette behovet.

— Relevante fagmiljø bør omgåande få i oppdrag å utarbeide framlegg til overvakingsprogram, heiter det i brevet.

Direktoratet skriv rett ut at dei meiner dagens overvaking av lakselus er man-gelfull.

— Undersøkingane konsentrerer seg om få plassar i korte periodar. Måten det blir gjort på fangar ikkje opp den aktuelle situasjonen, og heller ikkje effektane av tiltak som no blir sett i verk. Oppdrettarane veit ikkje korleis det står til med fisken i eigne merdar, Mattilsynet har ikkje noko totaloversyn over fiskehelsa og vi veit ikkje korleis det går med villaksen, seier Bierach.

Kaldt vatn

Seksjonssjefen meiner årsaka er at det har blitt brukt lite ressursar på overva-king og forsking på lakselus.

— I DN er vi overraska over at det er brukt så lite pengar på ein sjukdom som er så alvorleg, og som vi har kjent til i så mange år. For oss er det tankevekkjande at det har blitt brukt langt meir midlar på å kjempe mot sjukdomar vi knapt har, som t.d. fugleinfluensa.

Direktoratet for Naturforvaltning meiner no både fiskeforvaltninga og næringa må gå saman om å finansiere dei ekstraordinære strakstiltaka.

— Likevel seier du dette ikkje er nok, det krevst ein god porsjon flaks. Korleis?

— Det beste vil vere kaldt vatn. Lakselusa trivst dårleg i kulde. Vi må håpe på ein vinter og vår med låge temperaturar, og stort tilsig av kaldt vatn til fjordane våre når villaksen skal vandre ut.

Bergens Tidende prøvde i går å få Mattilsynet i tale om signala som no kjem frå DN. Dei har ikkje fått handsama brevet, og vil av den grunn ikkje gje nokon kommentar før etter nyttår.