BT skreiv onsdag at bilistane betalar nær halvparten av vegutbygginga i år, gjennom bompengar. I Hordaland kjem heile åtte av ti kroner frå bompengar.

I saka kom vi i skade for å tilleggje statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet eit litt vel arrogant svar på spørsmålet om regjeringa har ambisjonar om å redusere andelen bompengefinansiering.

Svaret hørte til eit anna spørsmål. Difor stiller vi spørsmålet på nytt: Har regjeringa ambisjonar om å redusere andelen bompengefinansiering?

– For det første har vi auka løyvinga til veginvesteringar i høve til den gjeldande Transportplanen med 1,5 milliardar kroner. Den komande Transportplanen er ikkje vedteken enno, men vi har ambisjonar om der å auke løyvingane ytterlegare, seier han.