— Telefonen min viser tidspunktet 07.13. Eg sa dei måtte koma seg ut med strøbil. Det er livsfarleg på brua. Det er heilt forferdeleg å tenkja på at det fekk så tragisk utfall. Eg kjende den omkomne og den hardt skadde, seier Per Olav Bøe.

Han fekk eit forvarsel om glatt veg fordi det ikkje var strødd på sidevegen frå Flåm stasjon. Når strøbilen er ute, plar dei også strø litt nedover her.

— Difor køyrde eg sakte opp på brua. Der var det så glatt at eg ikkje fekk opp farten. Eg spann på praktisk talt flat veg. Det same gjorde ein kompis som har sprettande nye piggdekk, seier Bøe.

Han er overtydd om at det ikkje har vore strøbil ute før ulykka.

Lastebileigarane går også hardt ut og hevdar at politikarane har blod på hendene når dei ikkje gjev vegstellet pengar nok til å halda vegane isfrie.

— Det minste vi må kunne forventa, er våt og svart asfalt, ikkje blank, seier Norges Lastebileier-Forbund sin fylkesleiar i Hordaland, Jan-Ove Halsøy, etter dødsulykka på E16 i Flåm.

Han meiner dei ansvarlege bør kunne straffeforfølgjast når årsaka til ulykka så opplagt er manglande strøing eller salting.

Staten går fri

Men slik er det ikkje etter norsk lov. Vegstellet kan kritiserast, men ikkje straffast. Derimot kan bilførar straffast for ikkje å avpassa farten etter tilhøva, eller ikkje vera i stand til å stogga på den vegstrekninga han har fullt oversyn over, om det er aldri så glatt.

— Vi får alltid den leksa i retur. Anten er bilane for dårleg skodde, eller så har farten vore for stor. Bilistane får ansvaret uansett. Eg meiner det blir for enkelt, seier Halsøy.

— Kan du venta svart asfalt til ei kvar tid i eit vinterland som Noreg?

— Ja, det er berre pengar det står på. Men politikarane er meir opptekne av å klippa snorer og koma i avisa. Dei får heller byggja færre nye vegar og vedlikehalda betre dei vi har, seier fylkesleiaren.

Halsøy meiner at Vegstellet må halda eit særskilt auge med underkjølte bruer og problemstrekningar som Voss - Gudvangen med feildoserte svingar.

— E16 er trass alt livsnerven mellom dei to største byane i landet, kommenterer han.

Nye rapportar om glatt bru

Jan-Ove Halsøy seier at han har fått rapportar frå vogntogførarar om glatt vegbane på denne brua også i går ettermiddag og kveld. Han er dessutan fortørna over at tilsvarande rapportar frå Hardangervidda ikkje førte til strøing.

— Dei som melde frå, fekk beskjed om at det hadde vore friksjonsmåling på vegen, og det var ikkje glatt nok til strøing, fortel Halsøy.

Han har meir tiltru til røynde vogntogførarar si vurderingsevne enn friksjonsmålingane.

Piggfritt

— Ulykka er truleg eit trist døme på konsekvensane av manglande salting/strøing, kombinert med sviktande fartstilpassing frå føraren si side, uttalar direktør Håkon Glomsaker i Norges Automobilforbund (NAF).

— Når vi jobbar målretta for å få fleire til å køyra piggfritt, trengst betre vintervedlikehald av vegane. Vi kan ikkje stå og sjå på at liv går tapt fordi vi ikkje har råd til å strø vegane våre, seier Glomsaker.

Valde, Vegar