Vêrvarslinga på Vestlandet melder om 9,4 varmegrader i gjennomsnitt for perioden frå 1. januar til 1. november, målt på Florida.

Dette er 1,1 grad høgare enn tilsvarande «normal» for Bergen. Berre åtte gonger tidlegare har ein opplevd høgare gjennomsnittstemperaturar for desse månadane sidan målingane tok til i 1867.

Fedje kan utropast til nest varmast i landet, med 9,2 varmegrader i snitt for dei ti første månadane i år, målt på Hellisøy fyr. Men andreplassen må delast med Slåtterøy fyr. Sørlendingane må nøya seg med ei tidels grad lågare temperatur på Lindesnes.

I andre enden av skalaen vart Kautokeino (0,6 plussgrader) slått av Sihcajarvi på Finnmarkskysten som berre så vidt kom over frysepunktet, 0,2 plussgrader.