FNs klimapanel leverte tidlegare denne veka ein klimarapport som syner at klimautfordringane verda står overfor er meir prekære enn tidlegare rapportar har slått fast.

No peiker tal frå Meteorologisk institutt på ein tydeleg klimaendring i vêrdata frå Vestlandet. I løpet av dei siste 50 åra har vinteren her blitt mykje varmare, og utviklinga ser ikkje ut til å bremse.

— Vi kan sjå for oss ein temperaturauke på inntil fire gradar allereie i det hundreåret vi lev i, forklarar klimaforskar Helge Drange ved Geofysisk institutt.

Dystre spådommar

— Dei siste vintrane frå 2010 til 2012 har vore unormalt kalde. Men bortsett frå disse unntaka har årstida vore relativt sett mild sidan slutten på 80-talet, seier Drange.

NETT_nedbor_temp_vestlandet.jpg
NETT_nedbor_temp_vestlandet.jpg

Varme vintre er berre ein del av biletet han teiknar for det framtidige vestlandsklimaet. Klimaforskaren har greve seg ned i talmaterialet til Meteorologisk institutt frå dei seinaste hundre åra. Resultatet er dystre spådommar for landsdelen i dei neste hundre åra som kjem.

— Ifølgje med temperaturauken ser vi og ein auke i nedbør og spesielt i ekstremnedbør. Dette råker særleg område som har mykje nedbør frå før, slik som Bergen og omegn, seier Drange.

Meir nedbør skapar trøbbel

— Vi merker det særleg på at det kjem meir regn. Det er eit problem for oss, sidan det vert både vanskelegare og farlegare å køyre i bakkane med traktor, seier fruktbonde Arnhild Bleie.

Ho har saman med mannen Olav drive fruktgard på Nå i Hardanger sidan 1986.

— Når det gjeld klimaet kan det gjerne bli varmare, men at det regnar meir kan bli eit problem. Sidan eg starta som fruktbonde for snart tretti år sidan seier dei nedbøren i området har auka med 300 mm. Det er merkbart, seier Bleie.

Meir av nedbøren som kjem vinterstid vil i framtida kome somregn, ikkje snø. Klimaforskar Drange peiker på at snøgrensa vil krype om lag140 meter høgare for kvar grad gjennomsnittstemperaturen aukar med.

— I det mest dramatiske høvet, med fire grader temperaturauke er det tale om ei snøgrense som er mellom 500- 600 meter høgare enn den er i dag, reknar Drange med.

Ikkje klar for endringane

At snøgrensa var høgare og nedbøren tyngre er og Njål Farestveit, geolog ved Statens Vegvesen si vurdering av vinteren som har vore.

— Vi merker at vi får store hendingar knytt til ekstreme nedbørsmengder. Når det då er spådd ein auke i nedbøren på opp mot 40 prosent, seier det seg sjølv at vi har utfordringar, seier Farestveit.

Skredstatistikken frå Statens Vegvesen syner at Hordaland og Sogn og Fjordane er dei desidert mest utsett fylka i landet når det kjem til skred.

— Vi slit allereie i dag med eit dårleg vegnett på utsette strekningar, så meir nedbør er det absolutt siste vi treng på vår del av Vestlandet, seier Farestveit.

Statens vegvesen er i gang med dreneringsarbeid og oppførsel av stikkrenner som skal kunne ta av for ein del av nedbøren som er venta i åra som kjem, men Farestveit er negativ med tanke på utviklinga.

— Vi treng 30 milliardar for å ruste opp norske vegar til å vere klar for været som kjem som kjem. Allereie no ligg vi langt bak i arbeidet.