ERLEND SPURKELAND

Ein liten kai i ein stor fjord. Åtte mann jobbar med nota der våryr makrell stressar rundt. Dei auser varleg den sprellande fisken over i store kassar. Eldstemann Magne Stall på kaien skyflar på is og tørkar sveitten frå panna. Det er varmt.

Sølvfiskane roar seg. Det er søndag middag, måsane skrik, fjorden er blank, men fisken må vera klar i butikken måndag. Marknaden ventar, og betalar for kvalitet. Då er det berre å stå på.

– Såg han te 89 kroner kiloen i butikk i Åsane, ler Steinar Stall fornøgd. Han hoppar i lettbåten og ror ut for å hjelpa til med nota.

Tidig ute

– For vel ei veke sidan kasta me fem tonn makrell heilt inne i botnen av Austfjorden, fortel Steinar. Han er tilbake på kaien igjen. Årets makrellstart er den tidlegaste han har vore med på.

– Det er sjeldan me får noko før 17. mai, seier han, og føyer til at årets makrell er sjeldan stor og fin. Og aldri har prisen vore betre.

Mottakar for søndagsmakrellane er Seabourn i Os. Ein del vert sendt vidare til Sverige, mens resten går ut lokalt i bergensområdet.

– Det har vore lite tilgang av makrell på marknaden hittil i år, seier Steinar, som forklaring på rekordprisen. Men som fiskar kjenner han marknadsmekanismen og veit at prisen stuper når det store innsiget kjem. Viss dei då i det heile får levera fangsten.

Tradisjonsrikt

Makrellfiskarane i Austfjorden er ei blanding av slekt og bygdefolk, yrkesfiskarar og deltidsfiskarar. Kledde i oransje regnkle i kontrast mot svart fjord og blå himmel. Alle har sin plass, si oppgåve. Pensjonisten og skuleeleven jobbar jamsides.

Bygda har hatt notlaget sidan 30-talet. Den gong det var matauk og overleving. No er det attåtinntekt og felles bygdeprosjekt, og ein god porsjon yrkesstoltheit. For ein mange hundre år gammal tradisjon dei er vidareførarar av. Inne i ein fjord i Lindås.