Det var feststemning i gråværet da snora endeleg kunne klyppast på den lenge etterlengta vegen.

22 år, seks bruer, 5240 meter og 192 millionar kroner er stikkorda, og dei to øysamfunna ytst i Askvoll kommune har fått vegsamband. Med kvarandre, og ikkje med fastlandet, vel og merke.

Har tru på øysamfunna

Innsatsen frå dei plastkledde elevane ved Værlandet og Bulandet skular var blant det minneverdige frå seremonien, der dei framførte ein symbolsk sameinings-dans i forkant av det obligatoriske snorklyppet.

Elevane knytte bandet seg imellom, og kan frå neste haust av gå saman på ein skule for dei sameinte øysamfunna ytst i Sunnfjord.

Fylkesordførar Nils R. Sandal fann i sin tale grunn til å først og fremst gratulere øyfolket.

— Det er pågangsmotet dykkar som har gitt storsamfunnet grunn til å tru på denne vegen, sa Sandal til dei hundrevis av frammøtte øybuarane.

Vegen vil gjere kvardagen heilt annleis for mange av dei drygt fem hundre menneska i dei to øysamfunna. Først og fremst slepp bulendingane den ofte strabasiøse ferjeturen over ope hav. No kan fastlandsferja gå innaskjers.

Men den hurtiggåande passasjerbåtruta til fastlandet blir også avvikla, og dette blir bøtt på ved at bilferjesambandet blir oppgradert. Frekvensen vil gå opp frå åtte til 32 turar i veka, samstundes som bil- og passasjerkapasiteten på kvar tur vil auke.

Dermed er det klart at bilismen for alvor er komen til dei ytste øyane. Ikkje minst til glede for fiskeindustrien på øyane, som må ha ferskvarer raskt fram til dei sentrale marknadene.

LANDVAST PÅ VÆRLANDET: Ventetida er endeleg over.
HELGE SUNDE